onsdag 15. desember 2010

Øydegard frå 1400-talet funnen i Hjelvika

Funnet av eit gardsanlegg i Hjelvika i Rauma kommune kan kaste nytt lys over hus og busetnad i seinmellomalderen. Tuftene er frå byrjinga av 1400-talet, den såkalla øydetida etter Svartedauen.

Les meir på Kulturminneatlas

Produksjon av klebersteinsgryter i Eidsdal

Sommaren 2010 gjekk Gunnar Hjelle seg frampå ein underleg stein i skogen i Rongane i Eidsdal, Norddal kommune. Dette viste seg å vere eit gardssteinbrot for klebersteingryter. Astor Furseth har skrive om funnet på Digitalt fortalt:

http://www.digitaltfortalt.no/show_single.aspx?art_id=118382&fylke_nr=1500

torsdag 2. desember 2010

Kong vinter tvingar oss innomhus igjen

No er dei arkeologiske registreringane på Nordøyveg-prosjektet avslutta for i år. Tela står no 30 cm ned i jorda og allle sjakter eller prøvestikk frys igjen. Vi prøver oss med noen andre små prosjekter innimellom om vær og føreforhold tillater det, for vi har flere registreringer som skulle vært gjort før vinteren setter inn for alvor.

Det kan vere fint å bu i eit freda hus

Vi har henta ei artikkel frå Sunnmørsposten som visar at det ikkje berre er vanskeligheitar med å ha eit automatisk eller vedtaksfreda kulturminne.
http://www.smp.no/nyheter/article287164.ece

onsdag 10. november 2010

Rike arkeologiske funn langs Nordøyvegen

Flintøkser, pilespisser, fiskekrok i bein, gravrøyser, stolpehull etter hus, kokegroper og ard-spor er blant de mange rike arkeologiske funn som er gjort i traseen til Nordøyvegen.

Arkeologene ved kulturvernavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune har siden 17. juli 2010 drevet med arkeologiske registreringer ute på øyene i Haram og Sandøy kommune. Registreringene foregår langs traseen til den kommende fv 659 Nordøyvegen, som skal gi fastlandsforbindelse fra Skjelten til øyene Lepsøy, Haramsøy, Skuløy/Flemsøy og Fjørtoft i Haram kommune, og Harøy i Sandøy kommune.
http://mrfylke.no/Organisasjon/Info/Pressemeldingar/Rike-arkeologiske-funn-langs-Nordoeyvegen

torsdag 7. oktober 2010

Arkeologiske undersøkingar på Helset i Vestnes

I samband med ny gang- og sykkelveg på Helset i Vestnes vart det gjennomført arkeologiske undersøkingar på delar av strekninga. Vitenskapsmuseet avdekka restar etter to hus som truleg kan daterast til jernalder. Arbeidet med gang- og sykkelvegen kan no starta opp.

Dei arkeologiske undersøkelsane i Tresfjord er ferdige

NTNU har gjennomført dei arkeologiske undersøkingane i samband med reguleringsplanen for Tresfjordbrua på Vike. Undersøkingane avdekka spor etter 4 huskonstruksjonar samt kokegropar og eit forhistorisk dyrkingslag. Tidligare undersøkingar i tilgrensande område viser at bosettingsspora kan daterast mellom 200 og 600 e.kr, det som vart avdekka i år kan truleg daterast til same tidsperiode.
To rekker midtbærande stolper frå eit av husa sees markert med kvite plater

mandag 6. september 2010

3. samling Kurs i kulturminneforvaltning i Averøy torsdag 9 september

På kommunehuset på Bruhagen i Averøy vil den 3 samlinga i kursrekka vert avvikla torsdag i denne veka. Tema for denne kursdagen er praktisk bygningsvern. Representantar frå fylkeskommunen og Riksantikvaren vil halde innlegg på denne samlinga.

Utgravingane i Tresfjord starta opp

NTNU har starta utgravingane i samband med ny bru over Tresfjord. Utgravingane skal halde fram til 17 september og Anne Haug prosjektansvarlig ved NTNU sier at de så langt har funnet rester etter to bygningar, samt ei rekke kokegropar og eit eldre dyrkingslag. Vi kjem attende med bilder frå utgravinga seinare.

Kurs i kulturminneatlas for 10 klassingane på Halsa- og Valsøyfjord barne og ungdomsskole

Tirsdag 7 september skal Brit Hansen og Knut Sindre Vale frå Møre og Romsdal fylkeskommune ut til barne og ungdomsskulane i Halsa for å lære dei å bruke Kulturminneatlas.

fredag 2. juli 2010

Interessante funn på Flusund i Herøy

Dette er eit stort og spesielt funn, seier fylkeskonservator Bjørn Ringstad. Ordføraren i Herøy Arnulf Goksyr seier at funna nok er interessante men at kommunen blir sittande med ei grusomt stor rekning.

torsdag 10. juni 2010

2. samling i kulturminneforvaltning fredag 11 juni i Kristiansund

Kurset omhandlar Kulturminne og landskap i planlegginga. Vi vil få høre om statlege fjøringar til kommunale arealplanar, konsekvensutgreiingar etter ny plan og bygningslov, stadsanalyse og databasar til hjelp i planlegginga for å nemne noe.

onsdag 2. juni 2010

Funn av automatisk freda kulturminne ved Giske kyrkje

Arbeid med kloakkleidning og septiktank førte til funn av stolpehol, kokegroper og eldstader bak nausta aust av Giske kyrkje i forrige veke.

onsdag 19. mai 2010

1. samling Kurs i kulturminneforvaltning avholdt 12 mai i Bud

Kristin Barvik frå Asplan Viak opna kurset med eit ønskje om at folkevalde og tilsette i kommunane etter kurset skulle sitte igjen med ny kunnskap om kulturminnevern og forvaltning og at dette ville vere eit nyttig verktøy i arbeidet med kulturminne i kommunane. Fleire tema stod på agendaen bla kulturminnelova, kulturarv i eit tidsperspektiv, kulturarv som ressurs i samfunnsutviklinga og rollefordelinga i forvaltningssystemet.

onsdag 5. mai 2010

Kurs i kulturminneforvaltning, første samling onsdag 12 mai.

Verdiskapingspiloten Atlanterhavsvegen Bud-Kristiansund (ABK) og Møre og Romsdal fylkeskommune i samarbeid med Asplan Viak har invitert tilsette og folkevalde i kommunene Fræna, Eide, Averøy og Kristiansund til å delta på kurs i kulturminneforvaltning. Kurset består av fire dagsamlingar, med første kursdag onsdag 12 mai i Bud.

torsdag 29. april 2010

Arkeologiske registreringar

Da var våren godt i gang og folk lurar på om vi kjem for å gjennomføra dei planlagde arkeologiske registreringane snart. Vi er 4 arkeologar som delar på ansvaret for forvaltninga av dei automatisk freda kulturminna i fylket.


onsdag 7. april 2010

Kurs i skjøtsel av kystlynghei på Bremsnes 12 april og Småge 13 april

Det har dei siste åra vore auka fokus på skjøtsel av kulturlandskapet både i og utanfor verneområda. Det er difor behov for kompetanse og kunnskapsheving om korleis slike område skal takast i vare og korleis dette kan gjerast best mogleg med dei ressursane som er tilgjengeleg.


torsdag 25. mars 2010

Kulturavdelinga på tur

Hele kulturavdelinga har vore to dagar i Ulsteinvik på personaltur. Hovudhensikten har vore å finne måtar å integrere den nye arbeidsgivarpolitikken i det daglige arbeid ved avdelinga. Fleire kreative løysingar vart prøvd. Her er dei ansatte i kulturvernseksjonen i ferd med å støtte kverandre.



tirsdag 16. mars 2010

Gravhauger i Lejre Danmark



Filmen visar kordan arkeologane ser for seg at gravhaugane vart bygd og kordan nedbrytingsprosessane forgår. I tillegg fann forskarane ut at ved å bruke vatn som ein del av gravleggingsrituala så vart innhaldet betre konservert.

Snart klart for ny feltsesong?

Normalt sett skulle vi i kulturavdelinga vere klar for ein ny feltsesong på denne tida av året. Men ser ein ut av vinduet no i dag er det ikkje mykje som tydar på akkurat dette.
Kulturavdelinga har hovedansvaret for all arkeologisk registrering i fylket, men det kan vere litt vanskelig for folk flest å skilla mellom fylkeskommune, museum og Riksantikvarens oppgåver.

onsdag 10. mars 2010

Kulturminneatlaskurset i Averøy

Forventningsfulle deltagarar hadde tatt turen til kommunehuset i Averøy for å lære meir om hvordan man legger inn kulturminner i kulturminneatlaset.

fredag 5. mars 2010

Kurs i Kulturminneatlas i Averøy kommune

Brit Hansen og Knut Sindre Vale frå Møre og Romsdal fylkeskommune vil halde kurs i bruk av kulturminneatlas i Averøy kommune i kommunehuset, Bruhagen tirsdag 9. mars kl 19.00.

Kontaktperson Brit Hansen på tlf 71 25 88 35

Ny fylkeskonservator fra 1 februar 2010


Bjørn Ringstad (54) er tilsett som ny fylkeskonservator i Møre og Romsdal. Dei viktigste oppgåvane er ta vare på kulturarven i Møre og Romsdal gjennom formidling og tilrettelegging av kulturminne i eit samspel med kommunar, utbyggjarar og frivillige.