torsdag 7. oktober 2010

Arkeologiske undersøkingar på Helset i Vestnes

I samband med ny gang- og sykkelveg på Helset i Vestnes vart det gjennomført arkeologiske undersøkingar på delar av strekninga. Vitenskapsmuseet avdekka restar etter to hus som truleg kan daterast til jernalder. Arbeidet med gang- og sykkelvegen kan no starta opp.

Dei arkeologiske undersøkelsane i Tresfjord er ferdige

NTNU har gjennomført dei arkeologiske undersøkingane i samband med reguleringsplanen for Tresfjordbrua på Vike. Undersøkingane avdekka spor etter 4 huskonstruksjonar samt kokegropar og eit forhistorisk dyrkingslag. Tidligare undersøkingar i tilgrensande område viser at bosettingsspora kan daterast mellom 200 og 600 e.kr, det som vart avdekka i år kan truleg daterast til same tidsperiode.
To rekker midtbærande stolper frå eit av husa sees markert med kvite plater