onsdag 15. desember 2010

Øydegard frå 1400-talet funnen i Hjelvika

Funnet av eit gardsanlegg i Hjelvika i Rauma kommune kan kaste nytt lys over hus og busetnad i seinmellomalderen. Tuftene er frå byrjinga av 1400-talet, den såkalla øydetida etter Svartedauen.

Les meir på Kulturminneatlas

Produksjon av klebersteinsgryter i Eidsdal

Sommaren 2010 gjekk Gunnar Hjelle seg frampå ein underleg stein i skogen i Rongane i Eidsdal, Norddal kommune. Dette viste seg å vere eit gardssteinbrot for klebersteingryter. Astor Furseth har skrive om funnet på Digitalt fortalt:

http://www.digitaltfortalt.no/show_single.aspx?art_id=118382&fylke_nr=1500

torsdag 2. desember 2010

Kong vinter tvingar oss innomhus igjen

No er dei arkeologiske registreringane på Nordøyveg-prosjektet avslutta for i år. Tela står no 30 cm ned i jorda og allle sjakter eller prøvestikk frys igjen. Vi prøver oss med noen andre små prosjekter innimellom om vær og føreforhold tillater det, for vi har flere registreringer som skulle vært gjort før vinteren setter inn for alvor.

Det kan vere fint å bu i eit freda hus

Vi har henta ei artikkel frå Sunnmørsposten som visar at det ikkje berre er vanskeligheitar med å ha eit automatisk eller vedtaksfreda kulturminne.
http://www.smp.no/nyheter/article287164.ece