fredag 16. desember 2011

Vågshamna - "marginal" buplass som demografisk indikator

Ved Vågshamna på Vågstranda i Rauma, like ved det gamle fergeleiet til Norvik, ligg restane etter ein av fleire husmannsplassar under garden Ner-Våge. Som dei fleste husmannsplassar blei denne truleg rydda ein gong på 1700- eller 1800-talet. Det er likevel ikkje fyrste gongen at folk har busett seg i dette området. Hausten 2011 blei det gjort arkeologiske registreringar som kastar nytt lys over busetjingsutviklinga på Våge.

torsdag 8. desember 2011

På sporet av menneska bak Boggeristningane?

Helleristningane på Bogge i Nesset omfattar mange ulike slags motiv, og feltet er også kjent for å ha vore i bruk over lang tid. Dei eldste veideristningane er over 6000 år gamle, frå slutten av eldre steinalder, medan dei yngste blei hogd for vel 2000 år sidan. Arkeologiske registreringar dei siste åra kan no kaste nytt lys over kven dei var, dei ulike menneska som hogg i berget på Bogge.

Jarnframstillingsplass frå vikingtida funne på Holm i Rauma

På tur ned frå turmålet Litlelomtjønnhaugen på Holm blei Mads Langnes, konservator ved Romsdalsmuseet, oppmerksam på nokre raudbrune klumpar under eit rotvelt. Ved nærmare ettersyn viste dette seg å vere slagg – spor etter førhistorisk jarnframstilling.

Brenning av tjære i myrmile - ein midtnorsk spesialitet?

Då Ola Sigmund Kvernberg for nokre tiår sidan dyrka opp og moderniserte seterdrifta på Kvernbergsetra i Nesset, kom han over fleire store groper i myra. Ein kom då fram til at dette måtte vere fangstgroper. I seinare år har han også kome over fleire liknande groper lengre inne i Heinadalen, mellom Mørkvatnet og Måsvatnet. Er det ut frå desse mogleg å seie noko meir om gropene sin alder og funksjon?

onsdag 7. desember 2011

Ny informasjonskilt hellemålingane på Honnhammar.


I finversdagane i november kom også 4 nye informasjonsskilt opp ved hellemålingane på Honnhammar i Tingvoll. Dette er del av ei større satsing på den største hellemålingslokaliteten i Nord-Europa. Dei fleste hellemålingar i Norge er i holer, her finn vi dei i friluft. Dei ligg bratt til og sikringa av sti og skilting av stien til lokaliteten er ikkje avslutta før til våren, så med dette vintersveret er dette inga oppfordring til å ta turen ut og sjå på måleria. Men to av skilta står ved dei to parkeringsplassane og kan gje ein smakebit før det igjen vårast. Sjå fleire bilete frå Honnhammarmåleria og annan bergkunst i Møre og Romsdal i fotoalbuma på facebooksida til Fylkeskonservatoren Møre og Romsdal Fylkeskommune.

tirsdag 6. desember 2011

Helleristningane på Roskar er skilta

Helleristningane på Roskar på Gurskøya i Herøy er dei einaste kjente figurristningane på Sunnmøre. No i haust har feltet vorte skilta og tilrettelagt med ma. parkering.

Les smp.no sin flotte artikkel om feltet her: http://kortreist.smp.no/turer/nordvestlandet/more_og_romsdal/1515_heroy/article10586.ece

søndag 4. desember 2011

"Blotsteinen" i Arasvika i Aure

På midten av 1960-tallet gjorde en innbygger i Arasvika på Ertvågøya en oppdagelse som ennå regnes som enestående på Nordmøre. På en liggende stein som befant seg på ei berghylle ovenfor nausta ble det avdekket mange bemerkelsesverdige renner og groper. Den heldige finneren hadde sporet opp forhistorisk bergkunst!
Les mer i Kjell Breviks artikkel på Digitalt fortalt

onsdag 23. november 2011

Riksantikvaren mener Slinningbua kan bevares

Kjell Andresen hos Riksantikvaren mener det er mulig å bevare Slinningbua men vil ikke si noe om hvordan før etter befaringen. Ålesund kommune har sagt nei til å bruke penger på å sette bua i stand. Det er mange meninger om dette bygget på Sunnmørsposten si nettside Sunnmørsposten - befaring i Slinningbua tirsdag

tirsdag 22. november 2011

Ein befesta jernaldergard i Rødven - opphavet til kyrkjestaden?

Rødven stavkyrkje i Rauma er ei av tre bevarte stavkyrkjer i fylket vårt. Ho er frå ca 1300 og av den såkalla Møretypen, men både eldre bygningsdelar og arkeologiske undersøkingar kan tyde på at det også har stått ei kyrkje på same staden tidlegare. Plasseringa av kyrkjestaden er likevel ikkje typisk. I staden for å liggje på ein høyde eller rygg – monumentalt og med vidt utsyn – ligg ho “nedunder” bakken. Nye arkeologiske registreringar kan kanskje kaste nytt lys over opphavet til kyrkjestaden.

fredag 23. september 2011

NTNU gjennomfører utgravinger på Kringstad i Molde

NTNU gjennomfører i disse dager ei utgraving på Kringstad i forbindelse med planlagt boligutbygging. På til sammen tre områder på gården tas matjordlaget av for å finne forhistoriske strukturer. Kulturvernseksjonen var ute for å se hvordan det gikk med dem og prosjektleder Anne Haug kunne fortelle om funn av strukturer etter flere mulige bygninger samt ildsteder/kokegroper.

fredag 16. september 2011

Pionerar i Valldalsfjella


Bruken av fjellområda på indre Sunnmøre er ein av dei delane av førhistoria i fylket vårt vi veit heller mindre om. Vi veit her er mange fangstminne; soter (bogastøer), leidemurar og hellarar som har vore nytta til opphald. Desse har nok vore nytta til ulike tider, men mangel på systematiske undersøkingar gjer at det framleis er store hol i kunnskapane om til dømes når desse var i bruk. Buplassar med gjenstandsfunn kjenner vi heller få av, men i sommar vart det gjort eit funn som gjev innblikk i kor lang tid det er sidan menneska tok i bruk fjellområda her.

Steinalderbuplass i Langfjelldalen

fredag 1. juli 2011

Åndalsetra i Gjemnes – nytt om alder og utvikling

Åndalsetra er ei tradisjonell seter i Gjemnes, med buer og fjøs, inngjerda og teigdelt slåttevoll og høyløer lengst nede på kvar teig. Kor gamal kan ei slik seter vere, og korleis har Åndalsetra utvikla seg fram til i dag? Nye svar er komne som følgje av arkeologisk registrering i samband med ny reguleringsplan for området.




torsdag 30. juni 2011

Øydegard frå eldre jarnalder funne på Frøyset i Rauma

Eldre jarnalder (500 f.Kr.- 550 e.Kr) var ei ekspansjonstid i jordbruksbusetjinga, og mykje ny jord blei rydda. Nokre buplassar utvikla seg til dei historiske gardane me kjenner i dag, andre blei kanskje setre, men i tillegg blei også mange gardar lagt øyde då oppgang seinare møtte nedgang. Slike øydegardar gjev oss eit godt tidsbilete av nærmare 2000 år gamal gardsbusetjing.

onsdag 29. juni 2011

Arkeologisk registrering i Juvika, Synnaland i Haram kommune

I samband med utarbeiding av reguleringsplan for Synnalandsneset i Haram gjennomførte arkeologer fra Møre og Romsdal fylkeskommune en arkeologisk registrering i planområdet. Registreringa ble utført av arkeologane Tormod Osen og Kjell Brevik. Arbeidet i Juvika ble gjennomført i perioden 30.mai til og med 10.juni. Hele området ble gjennomsøkt for å påvise automatisk freda kulturminner. Arkeologene valgte de mest optimale stedene for prøvestikk, områder som kunne egne seg for boplasser i steinalderen. Dette er deres opplevelser av dagene i Haram.

tirsdag 28. juni 2011

Geofysikkprosjekt på Veøya

Tidlig i juni i år foretok arkeolog Brit Solli eit nytt prosjekt på Veøya. Denne gongen utan spade og graveskei, men med hjelp av gradiometer og georadar. Med seg på laget hadde ho geofysikarene Arne Anderson Stamnes og Kristin Fosnes frå NTNU. Fokus var retta mot dei to eldste kyrkjegardane på Veøya som Solli tidlegare har datert til vikingtid, og som med andre ord omfattar nokre av dei tidlegaste kristne gravene i landet. Kan ein ved hjelp av geofysiske metodar avdekke fleire graver, og er det mogleg å finne ei av kyrkjene som Håkon den Gode ifølgje Snorre skulle ha reist på 900-talet. Undersøkingane verka lovande, men fullstendige analyseresultat vil ikkje liggje føre før seinare i år.

fredag 24. juni 2011

Gardsbusetjing på Torvika i bronsealderen?

I Bygdebok for Eid skriv Karl Myskja om Fornminna i Eid som ei sørgjeleg soge. Nye arkeologiske registreringar på Torvika kan likevel tyde på tidleg gardsbusetjing i bygda.



Det er ikkje gjort mange arkeologiske funn på Torvika tidlegare, men ved Naustvollen skal det på 1800-talet ha blitt funne ei kvinnegrav frå bronsealderen (ca 1800-500 f.Kr.). Det finns også fleire spredte gravhaugar langs fjorden frå Klungnes og innover. Desse er ikkje undersøkt, og difor vanskeleg å tidfeste.


I samband med utbygging av ny gangveg langs Rv 64 på Torvik, blei det gjort nye arkeologiske registreringar. Det blei ikkje funne sikre spor etter busetjing, men to groper eller nedgravingar er sikre spor etter menneskeleg aktivitet. Desse blei begge datert til bronsealderen, den eine til 1460-1380 f.Kr, den andre til 1040-800 f.Kr. Dette kan tyde på at det budde folk i nærleiken, sannsynlegvis i ein slags tidleg gardsbusetjing. Kanskje finns det spor etter denne framleis, til dømes på ein av dei markante brinkane ovanfor fjorden.

Nytt førhistorisk gardsanlegg funne på Høgset


Sommaren 1965 blei det grove ut eit gardsanlegg på Einesset under Høgset, som eit av dei første i Midt-Norge. Undersøkingane viste at det hadde vore gardsbusetnad på Høgset lengre enn namnet skulle tilseie. Medan set-gardar som regel har vore datert til vikingtid, kunne funna vitne om busetjing alt i folkevandringtid (400-600 e. Kr.). No kan eit nytt funn føre gardsbusetjinga enno lengre tilbake i tid.

mandag 9. mai 2011

Utgravingane ved Giske kirke

Forskarane Asle Bruen Olsen og Anne Karin Hufthammer frå Bergen Museum leier utgravingane på Giske. På begge sidene av mellomalderkyrkja finn dei spor etter folk. Svinebein frå møddingen/avfallshaugen er tidligare datert til omkring 700 og 900 AD. Bergen Museum grev no i utkanten av det som har vært tunområdet og fleire kokegropar har dukka opp. Du kan lese meir frå intervjuet med Asle Bruen Olsen på denne linken.
http://www.smp.no/nyheter/alesundogomland/article335730.ece?service=mobile

mandag 4. april 2011

Delegasjon av midlertidig myndighet

Miljøverndepartementet har, med virkning frå 1.april 2011 delegert midlertidig myndigheit til å fatta dispensasjonsvedtak og ferdigstille nødvendige arkeologiske undersøkingar i henhold til kulturminnelovas § 8, fyste, andre og fjerde ledd til utvalgte fylkeskommunar.

mandag 21. mars 2011

Miljøstatus.no

Miljøstatus i Norge gir deg den nyeste informasjonen om miljøets tilstand og utvikling. Her presenteres miljøkunnskap i en sammenheng. Et vesentlig mål er å skape forståelse for sammenhengene mellom miljøets tilstand, hva som påvirker den, konsekvenser og tiltak.

Tilskot til fartøyvern i 2011

Riksantikvaren har fordelt 42 millionar kroner til fartøyvern. Pengane skal gå til istandsetjing av fartøy over heile landet. Møre og Romsdal har fått 440 000 kr av disse.

torsdag 10. mars 2011

Tilskudd til istandsetting av freda bygninger i 2011

53 millioner kroner er nå fordelt av Riksantikvaren til istandsetting av fredete bygninger over hele landet.

torsdag 24. februar 2011

Nytt om tidleg gardbusetnad i Gjemnes

Sommaren 2010 blei det gjort arkeologiske undersøkingar både på Astad og i Torvikbukt i Gjemnes, med ganske samanfallande resultat. Begge stader blei det både gjort dateringar frå bronsealder og eldre jarnalder.

Verdiskapingsprogrammet - resultata frå prosjekta er oppsummert på film

 Prosjektperioden er no ferdig og ein har vurdert og oppsummert resultata frå programmet. Blant anna har det resultert i at det vart laga filmar frå dei ulike prosjekta og disse kan sjåast ved å gå inn via denne lenka.

Filmane frå Verdiskapingsprogrammet

torsdag 20. januar 2011

Betydningsfulle byområder i Norge

Riksantikvarens register over 230 byområder av nasjonal kulturhistorisk interesse er nå gjort offentlig. Nå kan du selv gå inn og se om området du bor i, er av nasjonal betydning!

Riksantikvaren har varsla freding av tre ferjer

Riksantikvaren har varsla at M/F "Bilfergen" i Møre og Romsdal og M/S "Granvin" og M/F "Folgefonn" i Hordaland vil bli foreslått freda.

http://www.riksantikvaren.no/?module=Articles;action=Article.publicShow;ID=123925