fredag 16. desember 2011

Vågshamna - "marginal" buplass som demografisk indikator

Ved Vågshamna på Vågstranda i Rauma, like ved det gamle fergeleiet til Norvik, ligg restane etter ein av fleire husmannsplassar under garden Ner-Våge. Som dei fleste husmannsplassar blei denne truleg rydda ein gong på 1700- eller 1800-talet. Det er likevel ikkje fyrste gongen at folk har busett seg i dette området. Hausten 2011 blei det gjort arkeologiske registreringar som kastar nytt lys over busetjingsutviklinga på Våge.

torsdag 8. desember 2011

På sporet av menneska bak Boggeristningane?

Helleristningane på Bogge i Nesset omfattar mange ulike slags motiv, og feltet er også kjent for å ha vore i bruk over lang tid. Dei eldste veideristningane er over 6000 år gamle, frå slutten av eldre steinalder, medan dei yngste blei hogd for vel 2000 år sidan. Arkeologiske registreringar dei siste åra kan no kaste nytt lys over kven dei var, dei ulike menneska som hogg i berget på Bogge.

Jarnframstillingsplass frå vikingtida funne på Holm i Rauma

På tur ned frå turmålet Litlelomtjønnhaugen på Holm blei Mads Langnes, konservator ved Romsdalsmuseet, oppmerksam på nokre raudbrune klumpar under eit rotvelt. Ved nærmare ettersyn viste dette seg å vere slagg – spor etter førhistorisk jarnframstilling.

Brenning av tjære i myrmile - ein midtnorsk spesialitet?

Då Ola Sigmund Kvernberg for nokre tiår sidan dyrka opp og moderniserte seterdrifta på Kvernbergsetra i Nesset, kom han over fleire store groper i myra. Ein kom då fram til at dette måtte vere fangstgroper. I seinare år har han også kome over fleire liknande groper lengre inne i Heinadalen, mellom Mørkvatnet og Måsvatnet. Er det ut frå desse mogleg å seie noko meir om gropene sin alder og funksjon?

onsdag 7. desember 2011

Ny informasjonskilt hellemålingane på Honnhammar.


I finversdagane i november kom også 4 nye informasjonsskilt opp ved hellemålingane på Honnhammar i Tingvoll. Dette er del av ei større satsing på den største hellemålingslokaliteten i Nord-Europa. Dei fleste hellemålingar i Norge er i holer, her finn vi dei i friluft. Dei ligg bratt til og sikringa av sti og skilting av stien til lokaliteten er ikkje avslutta før til våren, så med dette vintersveret er dette inga oppfordring til å ta turen ut og sjå på måleria. Men to av skilta står ved dei to parkeringsplassane og kan gje ein smakebit før det igjen vårast. Sjå fleire bilete frå Honnhammarmåleria og annan bergkunst i Møre og Romsdal i fotoalbuma på facebooksida til Fylkeskonservatoren Møre og Romsdal Fylkeskommune.

tirsdag 6. desember 2011

Helleristningane på Roskar er skilta

Helleristningane på Roskar på Gurskøya i Herøy er dei einaste kjente figurristningane på Sunnmøre. No i haust har feltet vorte skilta og tilrettelagt med ma. parkering.

Les smp.no sin flotte artikkel om feltet her: http://kortreist.smp.no/turer/nordvestlandet/more_og_romsdal/1515_heroy/article10586.ece

søndag 4. desember 2011

"Blotsteinen" i Arasvika i Aure

På midten av 1960-tallet gjorde en innbygger i Arasvika på Ertvågøya en oppdagelse som ennå regnes som enestående på Nordmøre. På en liggende stein som befant seg på ei berghylle ovenfor nausta ble det avdekket mange bemerkelsesverdige renner og groper. Den heldige finneren hadde sporet opp forhistorisk bergkunst!
Les mer i Kjell Breviks artikkel på Digitalt fortalt