mandag 6. september 2010

3. samling Kurs i kulturminneforvaltning i Averøy torsdag 9 september

På kommunehuset på Bruhagen i Averøy vil den 3 samlinga i kursrekka vert avvikla torsdag i denne veka. Tema for denne kursdagen er praktisk bygningsvern. Representantar frå fylkeskommunen og Riksantikvaren vil halde innlegg på denne samlinga.

Utgravingane i Tresfjord starta opp

NTNU har starta utgravingane i samband med ny bru over Tresfjord. Utgravingane skal halde fram til 17 september og Anne Haug prosjektansvarlig ved NTNU sier at de så langt har funnet rester etter to bygningar, samt ei rekke kokegropar og eit eldre dyrkingslag. Vi kjem attende med bilder frå utgravinga seinare.

Kurs i kulturminneatlas for 10 klassingane på Halsa- og Valsøyfjord barne og ungdomsskole

Tirsdag 7 september skal Brit Hansen og Knut Sindre Vale frå Møre og Romsdal fylkeskommune ut til barne og ungdomsskulane i Halsa for å lære dei å bruke Kulturminneatlas.

fredag 2. juli 2010

Interessante funn på Flusund i Herøy

Dette er eit stort og spesielt funn, seier fylkeskonservator Bjørn Ringstad. Ordføraren i Herøy Arnulf Goksyr seier at funna nok er interessante men at kommunen blir sittande med ei grusomt stor rekning.

torsdag 10. juni 2010

2. samling i kulturminneforvaltning fredag 11 juni i Kristiansund

Kurset omhandlar Kulturminne og landskap i planlegginga. Vi vil få høre om statlege fjøringar til kommunale arealplanar, konsekvensutgreiingar etter ny plan og bygningslov, stadsanalyse og databasar til hjelp i planlegginga for å nemne noe.

onsdag 2. juni 2010

Funn av automatisk freda kulturminne ved Giske kyrkje

Arbeid med kloakkleidning og septiktank førte til funn av stolpehol, kokegroper og eldstader bak nausta aust av Giske kyrkje i forrige veke.

onsdag 19. mai 2010

1. samling Kurs i kulturminneforvaltning avholdt 12 mai i Bud

Kristin Barvik frå Asplan Viak opna kurset med eit ønskje om at folkevalde og tilsette i kommunane etter kurset skulle sitte igjen med ny kunnskap om kulturminnevern og forvaltning og at dette ville vere eit nyttig verktøy i arbeidet med kulturminne i kommunane. Fleire tema stod på agendaen bla kulturminnelova, kulturarv i eit tidsperspektiv, kulturarv som ressurs i samfunnsutviklinga og rollefordelinga i forvaltningssystemet.