Riksantikvaren har fordelt 42 millionar kroner til fartøyvern. Pengane skal gå til istandsetjing av fartøy over heile landet. Møre og Romsdal har fått 440 000 kr av disse.
For at eit farty skal kunne få tilskot, er det særleg to forhold som vert vurderte. Det eine er fartøyet, eller fartøytypen, sin kulturhistoriske relevans for norsk maritim verksemd. Det andre er fartøyet sin fysiske tilstand og graden av autentisitet. Riksantikvaren vurderer òg realismen i prosjekta og lokalt engasjement, og legg vekt på å få ei rimeleg geografisk fordeling av ressursane.
Lenke til Riksantikvarens artikkel om midlane til fartøyvern
mandag 21. mars 2011
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar