Saman med Kvernberg og Dag Ringstad i Nesset fjellstyre tok vi turen for å kartlegge desse gropene. Med nokre 100 meter mellom låg dei alle på dei øvste myrområda i dalen, der det fram til 1900-talet også blei drive fjellslått.
Alle dei tre gropene var av same karakter; sirkulære, vassfylte groper i myra, omgjeve av ein om lag 50 cm høg voll. Storleiken varierte noko, men låg på om lag 5 m i ytre diameter på vollen og ei djupn på om lag 150 cm i midten.
For å klarlegge funksjonen til desse gropene og
Kanskje kan tjæra ha vore nytta til å breie stavkyrkja på Rød? Om Rjøkjerkja skriv Ola Hola (publisert i Romsdal Sogelag 1965) at borda "ha vore so oftå tjørbredd at der va eitt tjukt lag mæ gammailt bek på dei, å somstan ha de runne ihop te klompa på solveiggja".eventuelt ta ut ei datering blei det tatt ein lite prøvestikk i vollen på den øvste gropa. Profilen viste tydeleg at denne var menneskeskapt, og ei kollinse følgde vollen om lag midt i. Ved å sondere i sjølve gropa blei det også påvist trevirke like under myrtorva. Dette blei avdekka og viste seg å vere ei tilhogd og delvis forbrent trestikke på om lag 30 cm.
Undersøkingane kunne dermed stadfeste at gropene ikkje var nytta til fangst, men til brenning av tjære. I motsetnad til dei fleste miler (tjærehjellar) er det likevel ikkje noko spor etter avtapping i nedre kant. Det kan difor vere snakk om såkalla myrmiler, ein særeigen form for tjæreutvinning som påvist fleire stader i Midt-Norge og som reknast for å vere ein av dei eldste metodane. På Nordmøre er slik tjæreproduksjon datert til tidleg mellomalder.

Mila ble datert til perioden 1400-1440 e.Kr.
SvarSlett