Gardar
med namnet Huseby finns både i Norge, Sverige og Danmark, samt på Orknøyene og
i Schleswig-Holstein. Då det ikkje finns slike namn på Færøyene og Island,
reknar ein med at namna er yngre enn koloniseringa av øyene i Nord-Atlanteren,
men eldre enn 1263 då skottekongen fekk overherredømme over Orknøyene. Fleire
historikarar og arkeologar har argumentert for at desse gardane fungerte som
kongelege administrasjonssenter i sein vikingtid og tidleg mellomalder, og at
dei spela ei viktig rolle under rikssamlingane. Vi skal sjå nærmare på ein av
desse gardane, Husby i Øksendalen i Sunndal, der det også blei gjort arkeologiske
undersøkingar i 2012. Kan dette også ha vore eit stormannsete før rikssamlinga?