I Møre og Romsdal er Husebyane konsentrert til Nordmøre (Aure, Rindal, Sunndal og Surnadal) og nordre del av Romsdal (Nesset), noko som kanskje kan sjåast i samanheng med Giske si rolle i søre del av fylket. Giske var eit lendmannssete med store jordegods over heile Sunnmøre og delar av Romsdal, og styrte truleg desse områda på vegne av kongemakta.
Garden Husby
i Øksendal – eller Husabear kirkiu i
Usmudal - er først gong nemnt i 1309 (DN II, s. 81). Namnet stammar nok frå
rikssamlingstida, men busetjinga er truleg mykje eldre. Garden kan då ha hatt
eit anna namn, som til dømes bygdenamnet Øksendal eller Usmudal.
Like ved
tunet på garden ligg kyrkjegarden frå mellomalderen, men elles har det lenge
vore få fornminner og oldfunn i Øksendalen. Bendixen skriv i 1872 om at det ved
Øksendalsvågen finnes to store skipsstader, og at ei tredje var utfylt. Desse
kulturminna er seinare gått tapt, men kan vitne om at Øksendalsøra har vore ei
viktig hamn. Under grøfting på Husby i 1913 ble det funne ei samling reiskapar frå
700-talet – øks, celt, ljå, kniv og ildraker. Dette har vore tolka som eit
depot eller reiskapsforråd, men kan også vere ei ubrent flatmarksgrav. Likevel
er det ikkje gjort arkeologiske funn som peikar i retning av Husby eller
Øksendalen som noko stormannsete.
På
1990-talet blei det gjort arkeologiske utgravingar langs nyvegen gjennom bygda
(Fv 62). Då blei det funne spor etter fire hus (I-IV). Hus I og II låg samla lengst vest, medan III
og IV låg om lag 100-150 meter lengre aust. Hus I målte over 30 meter, medan
Hus II var mindre og nærmast kvadratisk med ein veldig tydeleg veggvoll. Begge
synes å vere frå romartid. Hus III blei ikkje datert, men hus IV synes å vere
frå sein førromersk jernalder. Det kan vere to suksessive tun, men dei kan også
ha eksistert samtidig. Ardspor og andre aktivitetsspor kring dei to
busetjingane gjer at desse overlappar.

Ut frå
dette verkar det som om Husbygarden kan ha rådd over eit ganske stort og
samanhengande innmarksområde mot slutten av jarnalderen, moglegvis med fleire
underbruk. Fleire forskarar har i seinare år argumentert for at fleire av
storgardane i vikingtida var sentra i lokale godssystem, med bruk av både fri
og ufri arbeidskraft på garden si domenejord. Sjølv om vi saknar monumentale funn, kan Øksendalen ut frå landskapet og plasseringa ha vore ein stor og viktig gard.
Dersom vi
ser på eigedomstilhøva i Øksendalen i nyare tid er mest heile dalføret anten
ått av Kongen, Øksendal kyrkje (Husbygarden) eller Sunndal prestebord i tidleg
nytid (jf. Skattematrikkelen 1647). I seinmellomalderen åtte også
Erkebispestolen ein stor del av Huseby, men dette kom i Kongen sine hender
etter reformasjonen. Den lave graden av sjølveige kan kome av at heile dalføret
opphavleg har vore eit samanhengande gods under Krona, og at delar av dette i
løpet av mellomalderen blei stykka opp og donert til ulike kyrkjelege
institusjonar.
Eit av
kriteria for å vurdere forhistoriske eigedomstilhøve er førekomsten av synlege
gravmonument. Premisset er at dei hauglagte er personar som åtte jorda dei blei
gravlagt på, og at leilendingar og ufrie ikkje hadde rett til å bli lagt i
haug. I Øksendalen er det i det heile svært få gravmonument. Unntaket er
vikingtidsgrava på Grytnes som skal ha blitt funne i ein haug. Garden
er truleg utskilt frå Husby på eit seinare tidspunkt. Plasseringa ved vågen er
elles typisk for slike synlege gravminner.
Ein teori
er at alle gravminna på Flåøya kan vere knytt til storgarden i Øksendalen. Flå
er det einaste garden på nordsida av Sunndalsfjorden som soknar til Øksendalen,
og også denne var ått av same eigargruppe i tidleg nytid. Flåøya er ei stor
halvøy i Sunndalsfjorden, og eit viktig landemerke som også er synleg frå
Øksendalen. Her er det også gjort mange gravfunn. Desse spenner frå folkevandringstid til vikingtid, noko som passe godt overeins med biletet frå Øksendalen.
Det er
rimeleg at Husby/Øksendalsgarden alt i eldre jarnalder hadde viktige
sentralfunksjonar, kanskje heilt tilbake til tidleg romartid då det store
langhuset blei reist. Dersom keramikkfunnet representerer romersk
import er også dette interessant, som eit vitnesbyrd om overregionale
kontaktnettverk. Kan ein til dømes ha fått desse varene gjennom handel med jarn
eller fangstprodukt? Fleire av stadnamna i Øksendalen (Jønnstad, Smedstad, Reinsfjellet
etc.) kan peike i retning av at desse ressursane har vore utnytta. Ein kan også
tenkje seg at kontrollen med handel og ferdsel gjennom Sunndalen har vore
viktig for maktgrunnlaget.
Les meir
om Husebyane i Norden her .
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar