Gjenstandsfunn
Utgravinga har vorte gjennomført i løpet av ei dryg veke no i august, og svarte godt til forventningane. Mellom funna som vart gjort sist sommar var tre pilspissar av ein type som var i bruk i den eldste busetningskulturen etter istida, Fosnakulturen (ca 11.500 - 10.000 år sidan). Mellom dei omlag 1000 funna som er gjort ved utgravinga er det også fleire spissar av same typen.
![]() |
Ein sjeldan fin tangespiss av Fosnatype frå buplassen i Langfjelldalen. |
Teltkonstruksjon og eldstad?
Utgravinga opna opp eit omlag 16 kvadratmeter stort område. Slik kan ein sjå funna i samanheng med eventuelle strukturar. Dei største konsentrasjonane av funn ligg i eit område mellom fleire hovudstore steinar lagt ut tilnærma som ein sirkel. Ei mogleg tolking er at desse steinane har halde nede ein teltduk. Det er også konsentrasjonar av mindre steinar her, som ein trur kan vere spor av eldstadar. Det hadde vore særs verdifult å finne kol til C14-datering i desse, men det skal også noko til for at kol skal halde seg etter så mange 1000 år. Det er teke inn prøver her, så får etterarbeidet ved museet sjå om ein er heldig og får ut kol.
Rolf Bade grev i utgravingsfeltet i Langfjelldalen. Det er mykje som tyder på at steinane i feltet har tilhøyrt ein teltring. Truleg har her også vore ein eldstad. |
Førhistoria til dei indre fjellstroka på Sunnmøre
Utgravinga opnar på mange måtar eit nytt kapittel i utforskinga av kultursoga i desse fjellområda, sidan vi no kan slå fast at dei er teke i bruk kort tid etter at landet vart busett. Men framleis er det mange spørsmål om førhistoria i områda vi veit lite om. Fins det til dømes yngre buplassar i fjellet? Kva med dei mange bogastellene eller sotene som har vorte registrert av lokalkjente? Kor gamle er dei, og er det noko samband mellom desse og buplassane? Her skulle vere nok å utforske for den som er nyssgjerrig på korleis fjellressursane her har vore utnytta i førhistoria.
Sjå også Sunnmørsposten si reportasje om utgravinga:
http://www.smp.no/nyheter/indre/article501598.ece
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar