Tidlig i juni i år foretok arkeolog Brit Solli eit nytt prosjekt på Veøya. Denne gongen utan spade og graveskei, men med hjelp av gradiometer og georadar. Med seg på laget hadde ho geofysikarene Arne Anderson Stamnes og Kristin Fosnes frå NTNU. Fokus var retta mot dei to eldste kyrkjegardane på Veøya som Solli tidlegare har datert til vikingtid, og som med andre ord omfattar nokre av dei tidlegaste kristne gravene i landet. Kan ein ved hjelp av geofysiske metodar avdekke fleire graver, og er det mogleg å finne ei av kyrkjene som Håkon den Gode ifølgje Snorre skulle ha reist på 900-talet. Undersøkingane verka lovande, men fullstendige analyseresultat vil ikkje liggje føre før seinare i år.
tirsdag 28. juni 2011
fredag 24. juni 2011
Gardsbusetjing på Torvika i bronsealderen?
Det er ikkje gjort mange arkeologiske funn på Torvika tidlegare, men ved Naustvollen skal det på 1800-talet ha blitt funne ei kvinnegrav frå bronsealderen (ca 1800-500 f.Kr.). Det finns også fleire spredte gravhaugar langs fjorden frå Klungnes og innover. Desse er ikkje undersøkt, og difor vanskeleg å tidfeste.
I samband med utbygging av ny gangveg langs Rv 64 på Torvik, blei det gjort nye arkeologiske registreringar. Det blei ikkje funne sikre spor etter busetjing, men to groper eller nedgravingar er sikre spor etter menneskeleg aktivitet. Desse blei begge datert til bronsealderen, den eine til 1460-1380 f.Kr, den andre til 1040-800 f.Kr. Dette kan tyde på at det budde folk i nærleiken, sannsynlegvis i ein slags tidleg gardsbusetjing. Kanskje finns det spor etter denne framleis, til dømes på ein av dei markante brinkane ovanfor fjorden.
Nytt førhistorisk gardsanlegg funne på Høgset
Sommaren 1965 blei det grove ut eit gardsanlegg på Einesset under Høgset, som eit av dei første i Midt-Norge. Undersøkingane viste at det hadde vore gardsbusetnad på Høgset lengre enn namnet skulle tilseie. Medan set-gardar som regel har vore datert til vikingtid, kunne funna vitne om busetjing alt i folkevandringtid (400-600 e. Kr.). No kan eit nytt funn føre gardsbusetjinga enno lengre tilbake i tid.
mandag 9. mai 2011
Utgravingane ved Giske kirke
Forskarane Asle Bruen Olsen og Anne Karin Hufthammer frå Bergen Museum leier utgravingane på Giske. På begge sidene av mellomalderkyrkja finn dei spor etter folk. Svinebein frå møddingen/avfallshaugen er tidligare datert til omkring 700 og 900 AD. Bergen Museum grev no i utkanten av det som har vært tunområdet og fleire kokegropar har dukka opp. Du kan lese meir frå intervjuet med Asle Bruen Olsen på denne linken.
http://www.smp.no/nyheter/alesundogomland/article335730.ece?service=mobile
http://www.smp.no/nyheter/alesundogomland/article335730.ece?service=mobile
mandag 4. april 2011
Delegasjon av midlertidig myndighet
Miljøverndepartementet har, med virkning frå 1.april 2011 delegert midlertidig myndigheit til å fatta dispensasjonsvedtak og ferdigstille nødvendige arkeologiske undersøkingar i henhold til kulturminnelovas § 8, fyste, andre og fjerde ledd til utvalgte fylkeskommunar.
mandag 21. mars 2011
Miljøstatus.no
Miljøstatus i Norge gir deg den nyeste informasjonen om miljøets tilstand og utvikling. Her presenteres miljøkunnskap i en sammenheng. Et vesentlig mål er å skape forståelse for sammenhengene mellom miljøets tilstand, hva som påvirker den, konsekvenser og tiltak.
Tilskot til fartøyvern i 2011
Riksantikvaren har fordelt 42 millionar kroner til fartøyvern. Pengane skal gå til istandsetjing av fartøy over heile landet. Møre og Romsdal har fått 440 000 kr av disse.
Abonner på:
Innlegg (Atom)