onsdag 19. desember 2012

Opplevingar i mørket! Helleristningane på Søbstad

 

 
Den mørke årstida innbyr i utgangspunktet  kanskje ikkje til å legge turen innom kulturminna våre, men for enkelte kulturminner kan faktisk stummande mørke vere det beste utgangspunktet for å oppleve dei.
 
Vi har fleire flotte helleristningsfelt i fylket, og nokre av dei er tilrettelagt for besøkande. Til dømes Roskard i Herøy, Bogge i Nesset og Søbstad på Averøy. Når ein vitjar helleristningsfelt vil ein av og til oppleve at figurane er vanskelege å få auge på. Dette kan skuldast fleire faktorar. Figurane har stått i berget i tusenvis av år og med tida slitast dei gradvis ned. Flatt lys er heller ikkje optimale tilhøve for å sjå helleristningar. Derimot vil ein ofte oppleve at etter at ein regnskur har blaut berget eller at når solstrålane treff skrått på berget, så kjem figurane til live. Tidlegare var det vanleg å synleggjere figurane ved å måle dei i raudfarge, men etter at ein har fått større kunnskap om den nedbrytande og øydeleggande effekten måling har er dette ein praksis ein er på veg bort frå. Måla ristningsfigurar gjev heller ikkje det rette inntrykket i høve til korleis dei var meint å verte oppfatta på den tida dei var laga.  

lørdag 6. oktober 2012

Husby i Øksendalen - kongsgard med røter i jarnalderen?

Gardar med namnet Huseby finns både i Norge, Sverige og Danmark, samt på Orknøyene og i Schleswig-Holstein. Då det ikkje finns slike namn på Færøyene og Island, reknar ein med at namna er yngre enn koloniseringa av øyene i Nord-Atlanteren, men eldre enn 1263 då skottekongen fekk overherredømme over Orknøyene. Fleire historikarar og arkeologar har argumentert for at desse gardane fungerte som kongelege administrasjonssenter i sein vikingtid og tidleg mellomalder, og at dei spela ei viktig rolle under rikssamlingane. Vi skal sjå nærmare på ein av desse gardane, Husby i Øksendalen i Sunndal, der det også blei gjort arkeologiske undersøkingar i 2012. Kan dette også ha vore eit stormannsete før rikssamlinga?



torsdag 30. august 2012

Arkeologisk utgraving i Langfjelldalen

I fjor sommar vart det gjort eit interessant arkeologisk funn på turstien innover Langfjelldalen i Norddal kommune (sjå bloggartikkel publisert 16.09.11). Avslag og reiskapar av flint og bergkrystall låg i stien, og ting tyda på at slitasje på stien var i ferd med å blottlegge ein buplass frå steinalder under torvlaget. Bruken av fjellområda på indre Sunnmøre i steinalder har vi lite kunnskap om, og sidan dette viktige kjeldematerialet låg utsett for skade gjennom slitasje på stien, søkte Universitetsmuseet i Bergen om midlar til å gjere ei utgraving for å sikre det. Slike utgravingar er finansiert gjennom midlar frå Riksantikvaren.

tirsdag 21. august 2012

Mellom seter og gard - busetjing på Myrset gjennom 2500 år

Myrset har dei seinare hundreåra vore seter for fleire av gardane kring Åfarnes i Rauma kommune. Arkeologiske undersøkingar kan likevel tyde på at området har ei lang forhistorie, kanskje også som gard.


mandag 20. august 2012

Nytt lys over jordbruket si utvikling i Romsdal - arkeologisk registrering på Kavli i Rauma

I samband med bustadbygging på Ytre Kavli i Rauma, blei det stilt krav om arkeologisk registrering. Grunnen til dette var at tomta låg like nedanfor det historiske tunet på garden, og at det blei påvist to åkerreiner innanfor tomta. Åkerreiner er terrassedanningar som blir skapt ved at åkrane sig. For arkeologane utgjer slike terrassar ei viktig kjelde til å studere jordbruket si utvikling, ettersom dei inneheld lag på lag med urørt dyrkingsjord.

onsdag 15. august 2012

Fjørtofta - arkeologiske undersøkelser i forbindelse med hytteplan

Undersøkelsene ble gjennomført av arkeolog Heidi Haugene på oppdrag for fylkeskommunen. Totalt ble det åpnet 25 sjakter i planområdet. Vegitasjonen i området bestod av myr og lyngmark. Det ble funnet automatisk fredete kulturminner som kommer i konflikt med det tenkte hytteområdet. Det ble funnet i alt 30 Stolpehull, 3 Ildsteder/Kokegroper, 8 Sjakter med ardspor, en flintgjenstand trolig løsfunn samt 10 myrpinner.

torsdag 2. august 2012

Skjøtselsarbeidet på Storrisstølen i Aukra er i gong

Gjengroing av kulturlandskap har fått auka merksemd dei siste åra. Når landskapet slik endrar karakter går det også ut over dei fysiske kulturminna som ligg i landskapet. Gamle røyser og tufter som gror att misser kontakten med landskapet i kring seg, og slik vert opplevinga av kulturminna redusert.

Gavrøyser frå jarnalderen på Storrisstølen vert rydda fram frå trær og kratt.