lørdag 6. oktober 2012
Husby i Øksendalen - kongsgard med røter i jarnalderen?
torsdag 30. august 2012
Arkeologisk utgraving i Langfjelldalen
I fjor sommar vart det gjort eit interessant arkeologisk funn på turstien innover Langfjelldalen i Norddal kommune (sjå bloggartikkel publisert 16.09.11). Avslag og reiskapar av flint og bergkrystall låg i stien, og ting tyda på at slitasje på stien var i ferd med å blottlegge ein buplass frå steinalder under torvlaget. Bruken av fjellområda på indre Sunnmøre i steinalder har vi lite kunnskap om, og sidan dette viktige kjeldematerialet låg utsett for skade gjennom slitasje på stien, søkte Universitetsmuseet i Bergen om midlar til å gjere ei utgraving for å sikre det. Slike utgravingar er finansiert gjennom midlar frå Riksantikvaren.
tirsdag 21. august 2012
Mellom seter og gard - busetjing på Myrset gjennom 2500 år
mandag 20. august 2012
Nytt lys over jordbruket si utvikling i Romsdal - arkeologisk registrering på Kavli i Rauma
onsdag 15. august 2012
Fjørtofta - arkeologiske undersøkelser i forbindelse med hytteplan
Undersøkelsene ble gjennomført av arkeolog Heidi Haugene på oppdrag for fylkeskommunen. Totalt ble det åpnet 25 sjakter i planområdet. Vegitasjonen i området bestod av myr og lyngmark. Det ble funnet automatisk fredete kulturminner som kommer i konflikt med det tenkte hytteområdet. Det ble funnet i alt 30 Stolpehull, 3 Ildsteder/Kokegroper, 8 Sjakter med ardspor, en flintgjenstand trolig løsfunn samt 10 myrpinner.
torsdag 2. august 2012
Skjøtselsarbeidet på Storrisstølen i Aukra er i gong
Gjengroing av kulturlandskap har fått auka merksemd dei siste åra. Når landskapet slik endrar karakter går det også ut over dei fysiske kulturminna som ligg i landskapet. Gamle røyser og tufter som gror att misser kontakten med landskapet i kring seg, og slik vert opplevinga av kulturminna redusert.
| Gavrøyser frå jarnalderen på Storrisstølen vert rydda fram frå trær og kratt. |
mandag 16. juli 2012
Ein 7.000 år gamal "landsby" ved Larsnes? - kulturlag og busetnadssoge i steinalderen
I samband med ei arkeologisk registrering ved Storehaugen nær Larsnes i Sande kommune i 2011 vart det kartlagt at det ligg tett i tett med steinalderbuplassar på strandbremmen her. Steinalderen dekker eit 7000 år langt tidsrom, men buplassane her ser alle ut til å ligge innanfor eit avgrensa tidsrom i slutten av eldre steinalder, omlag 5000 år f. Kr. Ein slik tettleik av samtidige steinalderbuplassar er unik i fylket vårt. Kva fortel dei oss om busetnadssoga i steinalderen?
På strandbremmen i framkant av Storehaugen ligg steinalderbuplassane tett i tett med utsyn mot Hallefjorden, Voksa og Kvamsøya.
Abonner på:
Innlegg (Atom)