tirsdag 8. mai 2012

Hammermarka – pionerbustad for jordbruket i Romsdal?
















Overgangen frå fangst til jordbruk i yngre steinalder er sannsynlegvis den største revolusjonen i mennesket si historie. Det gjaldt ikkje berre ei endring i levebrød, men også i levesett. Frå meir eller mindre mobile fangstsamfunn, som stort sett levde i eitt med naturen og baserte seg på gavebytte og deling av viltet, kravde jordbruket fastare busetjing, at ein investerte i landskapet kring seg og sparte kapital i form av husdyr. Fleire har hevda at desse endringane er så fundamentale at jordbruket må ha blitt introdusert av nye folkegrupper. Registreringane på Hammermarka på Åfarnes i Rauma har resultert i funn av lokalitetar som kan kaste nytt lys over denne prosessen.