fredag 2. juli 2010

Interessante funn på Flusund i Herøy

Dette er eit stort og spesielt funn, seier fylkeskonservator Bjørn Ringstad. Ordføraren i Herøy Arnulf Goksyr seier at funna nok er interessante men at kommunen blir sittande med ei grusomt stor rekning.

På Flusund i Herøy skal kommunen legge ut omlag 200 bustadtomter. Funna må analyserast og fylkeskonservatoren saman med kommunen må setta seg ned for å sjå om det er mogleg med tilpassingar i planen.
Arkeolog Sunniva Halvorsen meiner funna er oppsiktsvekkande og gjer ny kunnskap om mellom anna jordbruket frå perioden rundt 1000 fkr frem til i dag. Det er funne spor etter hus, ardspor og ein trekonstruksjon som kan ha vore ei bru i samband med ein veg. Det vart også funne eit tøystykke noko som ikkje er så vanleg då organisk materiale forvitrar nokså fort. Det vart også funne keramikk truleg frå folkevandringstid ca 500 ekr.
http://www.smp.no/nyheter/soere/article243368.ece

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar