torsdag 24. februar 2011

Nytt om tidleg gardbusetnad i Gjemnes

Sommaren 2010 blei det gjort arkeologiske undersøkingar både på Astad og i Torvikbukt i Gjemnes, med ganske samanfallande resultat. Begge stader blei det både gjort dateringar frå bronsealder og eldre jarnalder. På Astad blei det påvist eit mogleg bustadområde, der ei stor kokegrop blei datert til ca 1000-820 f.Kr. Denne låg på den mest markerte høgderyggen i undersøkingsområdet, like ovanfor utløpet på Batnfjordelva. Det skal også ha blitt funne ei mogleg grav ved elvemunningen tidlegare. Også i områda omkring blei det funn av kokegroper og dyrkingsspor, men desse var frå tida omkring Kristi fødsel. 

Bønnaflata i Torvikbukt kan ha blitt teke i bruk til busetjing enno tidlegare. Her blei det eldste dyrkingslaget datert til 1280-1010 f.Kr. Det blei ikkje påvist noko hus her, men dette kan truleg ha lege på toppen av ei lita høgd ved dagens tun. Dette området blei ikkje undersøkt, men dyrkingslaget og dei klåraste strukturane blei funne i sjaktene like nedanfor dette høgdedraget.
Begge undersøkingane tyder på at gardsbusetjinga går tilbake til om lag 1000 f.Kr., men at det skjedde likevel skjedde ein ekspansjon i tida omkring Kristi fødsel. Vidare undersøkingar kan fortelje meir om korleis livet var på desse tidlege gardsbusetjingane.

Bustaden har ei flott plassering, med god utsikt over Batnfjorden.
 Spor etter busetjing frå bronsealder - eldra jarnalder på Astad.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar