mandag 4. april 2011

Delegasjon av midlertidig myndighet

Miljøverndepartementet har, med virkning frå 1.april 2011 delegert midlertidig myndigheit til å fatta dispensasjonsvedtak og ferdigstille nødvendige arkeologiske undersøkingar i henhold til kulturminnelovas § 8, fyste, andre og fjerde ledd til utvalgte fylkeskommunar.
Den midlertidige delegasjonen er organisert som eit prøveprosjekt og har ei varighet på eit år frå 1.4.2011 til 1.4.2012, og med ein påfølgjande evaluering. Prøveprosjektet er ei oppfølging av prioriterte satsingsområde i Riksantikvarens Strategiske plan for forvalting av arkeologiske kulturminne og kulturmiljøar 2011-2020.

Formålet med prøveprosjektet er å få erfaring med delegering av Riksantikvarens mynde etter kulturminnelova (kml) til fylkeskommunar bl.a. når det gjeld forenkling og effektivisering av dispensasjonsmyndigheita. Følgende fylkeskommunar, som alle sjølv har ønskja å delta, er med i prøveprosjektet: Akershus, Hordaland, Møre og Romsdal, Nordland, Oppland, Rogaland, Sør-Trøndelag, Vestfold, Østfold og Oslo kommune v/Byantikvaren.


Open sjakt på Ulla i haram kommune med stolpehull og kokegroper frå registreringane på Nordøyvegen. Foto: Toril Bergsvik Johnston









 
 
 
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar