tirsdag 22. november 2011

Ein befesta jernaldergard i Rødven - opphavet til kyrkjestaden?

Rødven stavkyrkje i Rauma er ei av tre bevarte stavkyrkjer i fylket vårt. Ho er frå ca 1300 og av den såkalla Møretypen, men både eldre bygningsdelar og arkeologiske undersøkingar kan tyde på at det også har stått ei kyrkje på same staden tidlegare. Plasseringa av kyrkjestaden er likevel ikkje typisk. I staden for å liggje på ein høyde eller rygg – monumentalt og med vidt utsyn – ligg ho “nedunder” bakken. Nye arkeologiske registreringar kan kanskje kaste nytt lys over opphavet til kyrkjestaden.

Undersøkinga fokuserte på å kartleggje høgderyggen ovanfor noverande kyrkja. Her blei det funne rikeleg med spor etter førhistorisk busetjing (oppe til høgre på biletet). Minst tre bygningar har ligge langs nordre kanten av høgderyggen, orientert på same måte som både stavkyrkja og våningshuset på garden som ligg lengre nede. To dateringar blei teke ut og vitna om at området i alle fall har hatt busetjing i perioden romartid-merovingertid.


Det mest oppsiktsvekkande var likevel funnet av ei opptil 6 meter brei grøft som gjekk på tvers av ryggen noko ovanfor, attfylt med jordmassar (til venstre på biletet). Desse blei datert til romartid. Den gjev rom for to ulike tolkingar, som også har konsekvensar for korleis ein tolkar anlegget som heilskap:











1) Den naturlege forklaringa (“bekkeløpsmodellen“, t.v. ovanfor) er at grøfta er eit tidlegare bekkeløp som av praktiske grunnar blei attfylt i tidleg romartid, kort tid etter garden blei anlagt. Eit nytt bekkeløp i nord kan i ettertid ha medført erosjon som gradvis har spist seg innover busetjingsområdet. Husa treng difor ikkje ha ligge så nær kanten som i dag.

2) Den sosiale forklaringa (“vollgravsmodellen“, t.h. ovanfor) er at grøfta er grove av menneske for å skape ei avgrensing eller eit stengsel. Mot alle dei andre himmelretningane er høgderyggen naturleg avgrensa av bratte skrentar, og ei slik vollgrav kan dermed ha bidratt til å befeste garden. Dette kan i så fall peike i retning av ein slags storgard, og kanskje også gje ei anna forklaring på bygningane si plassering. Ved å utnytte landskapet og byggje husa nær den nordre skrenten, fekk bygningane eit meir monumentalt preg for dei som kom innover fjorden.

Ut frå registreringa er det vanskeleg å konkludere, men nærare undersøkingar vil kunne seie meir om opphav og funksjon – både til grøfta og kanskje også om busetjinga som sådan.

Dersom det låg ein storgard her i jarnalderen kan dette kanskje også gje ei forklaring på kvifor kyrkja blei lagt hit - like nedanfor tunet. Mange av dei fyrste kyrkjene som blei bygd var private, og reist av lokale stormenn på eigen eigedom. Det var først i høgmellomalderen at kyrkja fekk ein eigen lokal maktstruktur, med klårare sokneinndeling. Når vi mot slutten av mellomalderen finn Rødven kyrkje i skriftlege kjelder, var ho blitt ei annekskyrkje - underlagt hovedkyrkja på Veøya.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar