fredag 5. mars 2010

Ny fylkeskonservator fra 1 februar 2010


Bjørn Ringstad (54) er tilsett som ny fylkeskonservator i Møre og Romsdal. Dei viktigste oppgåvane er ta vare på kulturarven i Møre og Romsdal gjennom formidling og tilrettelegging av kulturminne i eit samspel med kommunar, utbyggjarar og frivillige.

Vi har eit særs rikt og mangfoldig fylke frå naturen si side, og denne naturgjevnaden speglar seg også i rike kulturminne, seier den nye fylkeskonservatoren, som er oppteken av at folk skal ha kjennskap og kunnskap til det viktige kulturvernarbeidet Møre og Romsdal fylke utfører.  
Formidlingsdelen er sentral for oss. Samarbeidspartnarar og publikum skal vere godt informert om det arbeidet vi gjer, og eg vil vektleggje eit nært samspel med både dei tekniske avdelingane og kulturavdelingane i kommunane så vel som frivillige grupper og privatpersonar som arbeider med ulike kulturvernsaker og sjølvsagt også med musea i Møre og Romsdal, seier Ringstad.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar