Som de vil sjå av billeta bestod dei to dagane ikkje berre av alvorlege diskusjonar. Nokre av oppgavane var laga for at vi skulle vise våre kreative sidar for å finne nye måtar å løyse oppgåvene på oss i mellom. Dei to bileta nedanfor heter "vi visar veg"
Bileta er tatt ute på Flø og dei ansatte i kulturvernseksjonen visar sin begeistring for kulturlandskapet. Vi fikk ein omvising i Galleriet til Hugo Opdal og fekk høyre om kos han hadde fått fleire kjende kunstnarar til å halde utstilling i Galleriet hans på Flø.
Anna Tokle Amundsen, leiar for delprosjekt "Omdømmebygging" i Møre og Romsdal fylke presenterte dei foreløpige resultata av ein intern omdømmekartlegging. Vi hadde også med oss Jan Spurkeland som losa oss gjennom dag to av seminaret, kor samhandling og relasjonar var hovudtema.
Det vart eit spennande seminar som vi vonar skal gje inspirasjon til medarbeidarane i ein travel kvardag.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar