onsdag 7. april 2010

Kurs i skjøtsel av kystlynghei på Bremsnes 12 april og Småge 13 april

Det har dei siste åra vore auka fokus på skjøtsel av kulturlandskapet både i og utanfor verneområda. Det er difor behov for kompetanse og kunnskapsheving om korleis slike område skal takast i vare og korleis dette kan gjerast best mogleg med dei ressursane som er tilgjengeleg.


Føremålet med kurset er å gje ei teoretisk og praktisk opplæring i skjøtsel av kystlynghei ved å svi av lyng. Mons Kvamme frå Lyngheisenteret på Lygra er instruktør. Kurset er ope for alle med interesse for skjøtsel av kystlynghei.
Fylkesmannen saman med fylkeskommunen, Aukra kommune og Averøy kommune står som arrangør for dei to kursa, kor kurset på Bremsnes vil bli ope for alle medan kurset på Småge blir for offentleg ansatte. Kursa startar med teori før ein fortsett ute med praktisk arbeid.
Program begge kursdagar:
1100 - 1330 Foredrag Mons Kvamme: Kystlyngheia si kulturhistoriske utbreiing. Sviing av lyng som skjøtselsmetode - Brannforskrifer
1230 - 1300 Lunsj
1400 - 1730 Markvandring på Bremsnes/Småge
Dersom tilhøva tillet det vert det sviing av lyng. Dersom tilhøva ikkje er gode nok for sviing forklarer Mons Kvamme korleis sviing kan gjennomførast.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar