torsdag 29. april 2010

Arkeologiske registreringar

Da var våren godt i gang og folk lurar på om vi kjem for å gjennomføra dei planlagde arkeologiske registreringane snart. Vi er 4 arkeologar som delar på ansvaret for forvaltninga av dei automatisk freda kulturminna i fylket.


Frå påske og utover heile våren og forsommaren vil det vere både store og små registreringsprosjektar igang rundt om i Møre og Romsdal fylke. Vi vil forsøke å følje opp med rapporter av funn frå desse registrerings prosjekta på denne bloggen utover våren og sommaren. For å gjennomføre sjølve registreringane hyrar vi inn ferdigutdanna arkeologar eller studentar. Enkelte år har vi så mange som 10 - 15 personar i arbeid med desse registreringane.

I tillegg får vi inn mykje opplysningar om funn som har vert gjort av privatpersonar rundt om i kommunane. Vi tenker å legge ut bilete og litt informasjon om disse her. Vi begynner med eit spinnehjul frå Daumannshellaren på Valderøya i Giske kommune som vart funne ved ein tilfeldigheit og brakt inn til kulturavdelinga i 2009.



Foto: Kjersti Dahl
Funn som vert innlevert her blir sendt til rette landsdelsmuseum for katalogisering og i nokre tilfelle for konservering.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar