fredag 16. september 2011

Pionerar i Valldalsfjella


Bruken av fjellområda på indre Sunnmøre er ein av dei delane av førhistoria i fylket vårt vi veit heller mindre om. Vi veit her er mange fangstminne; soter (bogastøer), leidemurar og hellarar som har vore nytta til opphald. Desse har nok vore nytta til ulike tider, men mangel på systematiske undersøkingar gjer at det framleis er store hol i kunnskapane om til dømes når desse var i bruk. Buplassar med gjenstandsfunn kjenner vi heller få av, men i sommar vart det gjort eit funn som gjev innblikk i kor lang tid det er sidan menneska tok i bruk fjellområda her.

Steinalderbuplass i Langfjelldalen
Funna vart gjort under ein tur inn Langfjelldalen. Nesten attende til utgangspunktet ved Rv. 63 la ein plutseleg merke til noko som ved første augekast såg ut som glasbrot i stien. Ved nærare augesyn viste dette seg å vere bitar av bergkrystall. Etterkvart vart ein også klar over at det låg flint her. Både flint og bergkrystall var ynda materiale for å lage reiskapar i steinalderen. Etter ei kort tid var rundt hundre bitar av bergkrystall og flint samla opp, alle med klare spor av å vere tildanning av menneske. Stien hadde erodert gjennom torvlaget, utvilsamt gjennom tråkka til fjellfolk, men kanskje også med ”hjelp” av ein nedbørstung sommar. Slik hadde dei gamle spora kome fram i dagen att.

Vel heime kunne funna studerast nærare. Tre bergkrystallar kunne identifiserast som pilspissar og ein flint som ein skrapar. Andre var såkalla flekker som vitnar om medvitne slag mot steinen for å få fram eigna materiale til å lage pilspissar, skraparar og knivar. Dette var utvilsamt spor etter særs gamal menneskeleg aktivitet inne i fjella her. Men kor gamal?

Dei eldste spora etter menneske på Møre
I Møre og Romsdal finn ein relativt mange spor av dei aller første menneska som busette seg her etter siste istid. Kanskje kjem dette av at dette var ein av dei første plassane kor større område vart isfritt, også innover i landet frå kysten. Dette skapte ein tilgong til rike og varierte biotopar med fisk og sjøpattedyr langs kysten og ein fjellheim full av reinsdyr.

På byrjinga av 1900-talet budde det ein lærar i Kristiansund ved namn Anders Nummedal. Han var opphavleg utdanna geolog, og skulle kome til å verte kjent for å ha oppdaga den eldste busetnaden i landet etter siste istid. Geologibakgrunnen hans leidde han til systematisk leiting etter arkeologiske spor i gamle strandlinjenivå som no låg høgt opp på land. Funna han gjorde vart kjent som Fosnakulturen. I dag reknar vi Fosnakulturen til mellom 11500 og 10000 år bak i tid.

Fosnamaterialet er mellom anna prega av karakteristiske pilspissar med tange, som regel laga av flint, men og av anna materiale som til dømes bergkrystall. Øksene er og av karakteristiske former; skiveøkser eller kjerneøkser. Fosnamaterialet kan også kjennast att ved å studere teknikken ein har nytta for å slå flekkene av større steinar eller kjerner. Det er først og fremst tre tangespissar som avslører materialet frå Langfjelldalen som Fosna.


Tre tangepilspissar i bergkrystall. Spisspartiet er knekt av på alle tre, og har truleg teke skade under jakta. Ved leirplassen har ein teke dei av pileskaftet og erstatta dei med nye.

På kysten er funn frå Fosnakulturen vanleg å finne både på Nordmøre og i Romsdal. Undersøkingane før bygginga av Ormen Lange-anlegget på Aukra gav til dømes rike og heilt nye innblikk i denne pionerbusetjingsfasen. Her fans særeigne eldstadar med potetstore steinar som mest truleg hadde vorte varma opp av selspekk. Større steinar låg i sirkel og vitna om nomadiske liv med korte opphald på kvar buplass; steinane hadde halde teltdukane nede og vart rulla ut når telta vart teke ned for å flytte til nye jaktmarker. På kysten var flint nesten einerådande som steinråstoff til reiskapar. Flint har det vore rikeleg av på kyststrendene. På fjellet tok ein også i bruk steinråstoff som fans der inne; som til dømes bergkrystall.

Mindre vanleg er funn frå Fosnakulturen på Sunnmørskysten. Dette kjem nok av at strandlinjeutviklinga etter siste istid har vore ulik mellom Sunnmøre og områda lenger nord. I ytre delar av Sunnmøre ligg desse eldste strandlinjene lågt; nær dagens strandlinje, ofte også lågare enn den. I nordlege kyststrøk av fylket er desse strandlinjene heva minst 20-30 meter over havet.

Dei siste åra har det også byrja å dukke opp Fosnafunn i fjellområde i fylket, både i Sunndalsfjella og i fjellstrøka inntil Romsdalen. Funna frå Langfjelldalen er det første vi kjenner til frå fjellområda på Sunnmøre. Vi har likevel hatt ei aning om at slike buplassar måtte finnast her også. For nokre år sidan viste eit nystudie av eit gamalt flintfunn frå Lundaneset i fjordkrysset mellom Synnylvsfjorden og Geirangerfjorden at her hadde vore Fosnajegarar, og frå Lundaneset er det stort sett berre ein veg å gå; oppover til fjella.
Det er framleis mogleg å kome på skothald på rein i Valldalsfjella. Her frå Litlelangdalen seinsommaren 2011.

Om å ta landet i bruk
Fosna strekker seg over ei 1500 år lang periode, og sidan det pr. dags dato ikkje er funne organisk materiale til 14C-datering på buplassen i Langfjelldalen kan vi så langt ikkje seie nærare når innanfor dette tidsspennet buplassen stammar frå. Likevel kan vi seie at vi er tett innpå dei første menneska som tok landet i bruk. Busetjinga må ha skjedd langs kysten, og jakta på marin føde kan difor ha vore ei viktig drivkraft. På Mørekysten kan ein ha levd godt på slike ressursar. Likevel viser slike funn at ein tidleg har teke til å utforske områda innover i landet. Truleg fann ein her rike jaktmoglegheiter i reinen. På grunn av klimaet må vi helst tru at det var om sommaren og tidleg haust ein trekte inn på fjellet. Det er også om hausten reinen trekker saman i flokkar og er lettast å jakte på.

Tidleg i denne perioden låg enno iskappa over store område, og iskanten har ikkje lege langt frå Langfjelldalen. Klimatisk sett starta perioden med arktisk klima og enda med eit klima ikkje ulikt det vi er van med i dag. Det må ha vore eit fjord- og fjellandskap i rask endring med kalvande isbrear og stor vassføring i vassdraga i sommarhalvåret. Nedre delar av Valldalen må ha vore ei fjordarm, men fjorden var på rask retur. Havnivået i denne delen av Storfjorden kan ha vore så mykje som 80 meter høgare enn i dag. Då ville her ha vore ei fjordarm som gjekk inn frå Sylte om lag til Omenås, vel 6 km lenger opp i dalen.

Dette er spor av menneske som har padla innover tronge og ukjente fjordar og som der inne i fjordbotnen har stege ut av farkostane sine for å utforske like ukjente dalar og fjellområde. Dei må ha sjølv lært seg å ta området sine ressursar i bruk, og akte seg for farane det stendig endrande landskapet løynde. Gradvis bygde dei opp kunnskapar og erfaringar om fjellområda. Dei vart såleis pionerar i Valldalsfjella.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar