fredag 1. juli 2011

Åndalsetra i Gjemnes – nytt om alder og utvikling

Åndalsetra er ei tradisjonell seter i Gjemnes, med buer og fjøs, inngjerda og teigdelt slåttevoll og høyløer lengst nede på kvar teig. Kor gamal kan ei slik seter vere, og korleis har Åndalsetra utvikla seg fram til i dag? Nye svar er komne som følgje av arkeologisk registrering i samband med ny reguleringsplan for området.




Under den arkeologiske registreringa blei det påvist fleire eldre tufter og steingardar. Dei fleste av desse var høyløetufter frå 1800-talet, og ein steingard som går ned til i elva frå bua og tufta til Pesetra kan truleg vere frå om lag same tid. Steingarden er avteikna på utskiftingskartet frå 1946, og avgrensa den eldste delen av anlegget – Gammelsetrin. Den austre delen, Nysetrin, er ei yngre utviding. Jamfør utskiftningskartet består Gammelsetrin av fire store teigar (38/1, 5 og 13 og 39/1). Seterbygningane har låge øvst, med høyløene lengst nede. På kartet er det berre avmerka to høyløer, men i terrenget kan ein også sjå spor etter ei høyløe på kvar av dei to sentrale teigane. Seinare har ein også lagra høy ved dei øvrige seterbygningane.

I samband med hyttebygging på 1960-talet blei det funne spor etter ei enno eldre tuft, like ved den austlegaste høyløa. Denne målte om lag 4 x 5 meter, og hadde hellelagt golv. Dette blei då rydda og reinsa fram, og i samband med dette blei det funne fiskebein. Ein har difor tenkt seg at tufta har vore restane etter ei gamal fangstbu. I mangel på bevarte kulturlag inne i tufta blei det grove eit prøvestikk like ovanfor tufta, der ein kan tenkje seg ein inngang. Det er her ein helst vil finne spor etter kol og anna husavfall. Det ga positivt resultat. Mykje kol er med å stadfeste at tufta var noko anna enn ei høyløe, men spor restar av knust fajanse i same kontekst tyder på ei datering til 1700- eller 1800-talet. Storleiken passar godt til å vere ei seterbu. Kan Åndalsetra ha enno eldre fasar?

Det finns fleire moglege tufter på same høgda, om lag der høyløene låg på 1800-talet. Området med størst potensial for tidleg seterbruk var likevel stor og frodig flate like ovanfor elva ved det framste (vestlegaste) setergjerdet. Her blei det grove eit prøvestikk og påvist eit kulturlag like ovanfor steril grunn. Laget blei datert til 1500-talet (1480-1650 e.Kr.), og kan vere frå tida då setra blei rydda.
Omkring flata blei det også funne tre tjærehjellar og ei grop av ukjent karakter. Milene er meir eller mindre sirkulære, med diameter på 8-10 meter, og med avrenningsgrøft lengst nede. Den mellomste mila blei datert til høgmellomalderen (1160-1270 e.Kr.). Dette er ei vanleg datering for slike anlegg på Nordvestlandet. Det knyter seg likevel nok usikkerhet til dateringane, då desse kjem an på kor gamle fururøtene var då dei blei brent.

Om vi likevel festar lit til dateringa, er det ein påfallande romleg samanheng mellom dei tre milene og den eldste setervollen. Tjærebrenning i seg sjølv har ingen direkte tilknyting ti seterdrift. Ein kunne ha brent tjære mest overalt det fantes tyrirøter og tilgang på vatn, men alle tre gropene ligg likevel kloss inntil den omtalte flata – lik som dei omringar ho. Kan dette bety at staden alt var etablert som ein plass i medvitet til tjærebrennarane, kanskje også med eit eige namn, alt i høgmellomalderen?

Eg har tidlegare argumentert for at seterbruket kan ha utvikla seg frå eldre mjølkeplasser, seinare kanskje supplert med eit enkelt sel, til sei store anlegga me kjenner frå nyare tid då ein også rydda seg slåttevollar. Åndalsetra fell inn i same mønsteret. Kanskje var det ein støl - ein stad der ein mjølka buskapen- på den frodige flata alt i høgmellomalderen. Frå 1500-talet og framover kan denne ha danna utgangspunkt for å etablere stadig større seteranlegg.

1 kommentar:

  1. Ruiner etter fangstbu på nedre teig,6 meter lang og mindre enn tre metter bred bu med steingulv..trolig brukt i flere tidsperioder..fra tidlig steinalder (Trekant) KOM. NTU TRONDHEIM

    SvarSlett