torsdag 30. juni 2011

Øydegard frå eldre jarnalder funne på Frøyset i Rauma

Eldre jarnalder (500 f.Kr.- 550 e.Kr) var ei ekspansjonstid i jordbruksbusetjinga, og mykje ny jord blei rydda. Nokre buplassar utvikla seg til dei historiske gardane me kjenner i dag, andre blei kanskje setre, men i tillegg blei også mange gardar lagt øyde då oppgang seinare møtte nedgang. Slike øydegardar gjev oss eit godt tidsbilete av nærmare 2000 år gamal gardsbusetjing.
Sandnes er ein av dei eldste og største gardane på Holmemstranda i Rauma. Denne har både ei sentral plassering inst i Romsdalsfjorden og god dyrkingsjord, og her er det både gjort svært gamle funn og til dels ganske rike funn. Truleg kan dette har vore ein gamal sentralgard.

Omkring ligg det fleire mindre gardar, som Frøyset, Krokset, og Rydjord. Jamfør gardsnamna er desse yngre, og truleg sekundære i høve til Sandnes. Set-gardar har som regel vore datert til vikingtid, men ofte viser arkeologiske undersøkingar at dei har et eldre opphav og gjerne går tilbake til eldre jarnalder. Også fleire av setrene i området blei rydda i denne perioden. Undersøkingar både på Myrset, Frøysetsetra og Rydjordsetra har vist aktivitet heilt sidan førromersk jarnalder.

No er det funne eit nytt gardsanlegg – mellom dei historisk kjente gardane og seterområda på Holmemstranda. Like utanfor utmarksgarden på Frøyset ligg ein grøn og frodig rabb som minner mest om ein gamal setervoll. Under jorda finn ein noko av årsaken; restane etter eit gamalt, kolhaldig dyrkingslag. Dette dekkjer eit stort område, men er tjukkare og inneheld meir kol i dei øvre og mest sentrale delane. Dette har truleg samanheng med eit buplassområde, men ingen tufter er lengre synlege på overflata. Ei C14-prøve frå laget er datert til 390-170 f.Kr.

I motsetnad til gardar og setre som er historisk kjente blei dette gardsanlegget truleg lagt øyde alt i løpet av eldre jarnalder. Det at det framleis ligg i utmark har også medført mindre skade på kulturminna enn tilsvarande buplassar under dagens dyrka mark. Her vil større delar av bygningane vere bevart, og eventuelle funn ligg framleis på same plass som dei ein gong blei lagt. Gardsanlegget kan difor gje oss eit svært godt tidsbilete av ein mindre marginalgard omkring Kristi fødsel.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar