fredag 24. juni 2011

Gardsbusetjing på Torvika i bronsealderen?

I Bygdebok for Eid skriv Karl Myskja om Fornminna i Eid som ei sørgjeleg soge. Nye arkeologiske registreringar på Torvika kan likevel tyde på tidleg gardsbusetjing i bygda.



Det er ikkje gjort mange arkeologiske funn på Torvika tidlegare, men ved Naustvollen skal det på 1800-talet ha blitt funne ei kvinnegrav frå bronsealderen (ca 1800-500 f.Kr.). Det finns også fleire spredte gravhaugar langs fjorden frå Klungnes og innover. Desse er ikkje undersøkt, og difor vanskeleg å tidfeste.


I samband med utbygging av ny gangveg langs Rv 64 på Torvik, blei det gjort nye arkeologiske registreringar. Det blei ikkje funne sikre spor etter busetjing, men to groper eller nedgravingar er sikre spor etter menneskeleg aktivitet. Desse blei begge datert til bronsealderen, den eine til 1460-1380 f.Kr, den andre til 1040-800 f.Kr. Dette kan tyde på at det budde folk i nærleiken, sannsynlegvis i ein slags tidleg gardsbusetjing. Kanskje finns det spor etter denne framleis, til dømes på ein av dei markante brinkane ovanfor fjorden.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar