fredag 24. juni 2011

Nytt førhistorisk gardsanlegg funne på Høgset


Sommaren 1965 blei det grove ut eit gardsanlegg på Einesset under Høgset, som eit av dei første i Midt-Norge. Undersøkingane viste at det hadde vore gardsbusetnad på Høgset lengre enn namnet skulle tilseie. Medan set-gardar som regel har vore datert til vikingtid, kunne funna vitne om busetjing alt i folkevandringtid (400-600 e. Kr.). No kan eit nytt funn føre gardsbusetjinga enno lengre tilbake i tid.


Våren 2011 blei det nemleg funne eit nytt gardsanlegg langs same høgderyggen, like vest for meieriet. Dette skulle vise seg å vere enno eldre, og frå hundreåra før Kristi fødsel. Gardanlegget omfattar ei stor dyrkingsflate. Denne syner seg fyrst og framst som ei svært jamn markoverflate i det som i dag er tett granskog. Ved nærmare undersøking, mellom anna i dei mange grøftene i området, kan ein også sjå eit tjukt lag med gamal åkerjord.














Eit område peikar seg ut som eit sannsynleg busetjingsområde. Her var kulturlaga av noko anna karakter, og det blei funne flintstykke og mykje kol. Kolbitane blei datert til 400-200 f.Kr., det vil seie førromersk jarnalder eller sein steinbrukande tid. Bronse og jarn var no blitt kjent, men til dagleg var mange reiskap framleis laga av stein.


Er dette den aller eldste gardsbusetjinga på Høgset? Neppe. Nær dagens tun er det opp gjennom åra funne svært mange funn som kan tyde på at ein hadde ei form for gardsbusetjing alt i yngre steinalder. Ein slik buplass er også undersøkt på Bergsøya, på motsett side av brua. Eldre jarnalder var likevel ei stor ekspansjonstid, og nye gardar kan ha blitt rydda med utgangspunkt i det eldste tunet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar