onsdag 15. februar 2012

Frå fangst til jordbruk på Torviknes i Gjemnes

I løpet av 1900-talet blei det funne mange steingjenstandar på jordene nedanfor tunet på Torviknes. Desse stammar truleg frå ein tidleg jordbruksbuplass. Funna omfatta mellom anna ein skiferpilspiss, ei slipt miniatyrøks, ei skaftfurekølle og ei klebersteinskole. No er det også funne ein eldre steinalderbuplass på same eigedom, frå den tida då folk levde av jakt, fiske og sanking (Illustrasjonen t.v. er ved Arkikon, sjå http://www.arkikon.no/).

Den nye steinalderbuplassen er ein klassisk fangstbuplass frå slutten av eldre steinalder (om lag 5000 f.kr.). Buplassen låg på denne tida heilt i strandkanten, i ei lun bukt der ein stor bergrygg skjerma mot nordvest. Plasseringa er typisk for mesolittiske fangstbuplassar, og avspeglar ein økonomi der maritime ressursar stod sentralt. I tillegg blei det sanka planter, bær, nøtter og røter. Restane etter hushaldsavfallet viser seg no som tjukke og kolhaldige kulturlag. Tydelegvis har dette vore ein plass der ein budde over lengre periodar, og som ein stadig har vendt tilbake til.

I kulturlaga blei det mellom anna funne brente hasselnøttskal, datert til 5220-5030 f.Kr., og restar etter produksjon av steinreiskapar. Det som kjenneteiknar denne perioden er såkalla mikroflekker – små, rektangulære og sylskarpe steinflak som mellom anna har vore satt inn spyd- og pilspisser eller harpuner av tre eller bein.


Funna ved tunet stammar frå eit samfunn som var heilt annleis. Ved overgangen til yngre steinalder kom bruken av skifer og skiferspissar, og reiskapa blei i større grad slipt enn hogd. Det er framleis usikkert om denne “skiferkulturen” dreiv noko form for jordbruk, men mot slutten av yngre steinalder hadde truleg dei fleste slått seg ned og etablert faste jordbruksbusetjingar. Miniatyrøksa og skaftfurekølla stammar frå denne perioden.


Klebersteinskola, ei slags tranlampe, kan derimot vere enda yngre. Kanskje har det vore gardsbusetjing i dette området i 4000-5000 år?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar