fredag 16. desember 2011

Vågshamna - "marginal" buplass som demografisk indikator

Ved Vågshamna på Vågstranda i Rauma, like ved det gamle fergeleiet til Norvik, ligg restane etter ein av fleire husmannsplassar under garden Ner-Våge. Som dei fleste husmannsplassar blei denne truleg rydda ein gong på 1700- eller 1800-talet. Det er likevel ikkje fyrste gongen at folk har busett seg i dette området. Hausten 2011 blei det gjort arkeologiske registreringar som kastar nytt lys over busetjingsutviklinga på Våge.

Spora etter husmannsplassen er framleis tydelege i terrenget. Sjølve tunet låg utanfor det området som skulle registrerast, men det blei påvist dyrkingsspor i form av åkerreiner, rydningsrøyser og steingjerder. Det blei også funne ein kvadratisk oppmuring like ved. Dette viste seg å vere fundamentet etter minnesmerket over Gulbrand Lunde som drukna under ombordkjøring på ferga i 1942. Minnesmerket blei for øvrig sprengt etter krigen. I dyrkingsflata blei det også funne tegl, glass, fajanse, rødgods og rusta spikar som knytte an til husmannsplassen. Under dette skjulte det seg likevel enda eldre spor.

På "neset" vest for tunet blei det både funne flint, bergkrystall, brent bein og ein mogleg knakkestein. Fleire av flintavslaga hadde også retusj, som viser at dei har vore bearbeida til reiskap. Som fangstbuplass frå slutten av eldre steinalder (ca 5000 f.Kr.) låg den svært godt til, på eit lite nes ved foten av Nøta/Lundsfjellet. Denne halvøya som i dag ligg aust for Vågen var på denne tida ei øy, og buplassen låg nett på den staden der vegen over til fastlandet var kortast. Sundet var neppe særleg djupt, og sannsynlegvis kan buplassen ha vore optimal med omsyn til fisk, skjell og anna sjømat. I løpet av neolitikum (4000-1800 f.Kr.) medførte landhevinga at buplassen kom lengre og lengre unna fjorden. Mot slutten av perioden kom også jordbruket, noko som medførte at buplassane blei valt etter heilt andre kriterier. Garden på Våge nedre kan godt strekkje seg heilt tilbake til seinneolitikum eller eldre bronsealder for 3-4000 år sidan. Spor etter busetjng og dyrking blei også påvist i 2009, like vest for Vågselva, utan at det ligg føre dateringar frå denne undersøkinga. Frå jarnalderen er det likevel gjort mange rike gravfunn på Våge, noko som peikar i retning av ein storgard. Også ved undersøkinga i haust blei det registrert ei hittil ukjent gravrøys ved Vågshamna. Ifølge tradisjonen skal det både ha vore tingstad, skipstø og veteplass på Våge.
Grunnlaget for makt og rikdom låg truleg i kontrollen over jord. Undersøkinga vår tyder på at jordsbruksområda ekspanderte ved overgangen frå bronsealder til jernalder. No blei også dei sørvendte hellingane i planområdet tatt i bruk som åkrar. Ved den einee åkerflata blei det funne mykje kol og skjørbrent stein, noko som kan sannsynleggjere at det også har vore ei busetjing i området på denne tida. Kan dette ha vore ein for underliggjande busetjing som stod i relasjon til hovedgarden på Våge, meir som ein "husmannsplass" frå jarnalderen.
Alt i alt, så ser vi konturane av tre demografiske toppar - den fyrste kom mot slutten av fangststeinalderen, då større delar av dei indre fjordane blei teke i bruk. Dei første bøndene etablerte seg nok ikkje her, men i eldre jarnalder ser vi konturane av ei ny folketalsauke. Husmannsplassen i Vågshamna utgjer såleis berre ein av mange demografiske konjunkturar.



































































Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar