
På Ut-Bogge er det registrert mange bergkunstfelt. Tre av desse er tilrettelagt og særleg godt bevart (Bogge 1, 2 og 4). Dei eldste ristningane er truleg representert av dei naturalistiske og konturhogde elgane på felt 1. Det lavaste punktet på figurane ligg på 25 m o.h., noko som jamfør strandlinjekurva gjev ein maksimumalder i seinmesolitikum (ca 4300 f.Kr.). På same panelet finn ein også mange hjortedyr, men desse er meir skjematiske og truleg yngre. Ein reknar difor dei store kvalane, eller nisene, på felt 2 for å vere dei nest eldste. Desse ligg på ca 19,9 m o.h., noko som svarar til slutten av tidlegneolitikum (3500-3350 f.Kr.). Dei lågaste hjortedyra på dette feltet ligg 17,3 m o.h. Dersom desse blei hogd i flomålet, kan dei ikkje ha blitt hogd før i mellomneolitikum A (ca 3000 f.Kr.). Hjortefigurane på felt 1 er neppe eldre. På stilhistorisk grunnlag er det heller antyda at dei er ennå yngre. Dei kan i så fall vere hogd av den yngste fangstkulturen på Bogge. Det yngste feltet (Bogge 4) ligg lengre nede, og ligg berre 6 meter over havet. Det framste motivet her er skip. Slike jordbruksristningar er i bruk frå om lag 2000 f.Kr. og fram til år 0, men ristningane på Bogge 4 verkar å vere seine og kanskje frå overgangen mellom bronsealder og jarnalder (ca 500 f.kr.). Ei slik datering kan støttast både på stilhistorisk grunnlag, og det er også gjort C14-dateringar like ovanfor feltet datert til førromersk jarnalder.
Kven var dei som hogg desse ristningane? Budde dei i nærleiken, var det fangstfolk og bønder på gjennomfart, eller var Bogge ein heilagdom som folk oppsøkte langvegsfrå? Stadig nye funn i nærområdet gjev oss eit stadig betre bilete.
I 2008 blei det gjort registreringar på Prestneset i samband med utbygging av hyttefelt. Der blei det påvist fleire steinalderbuplasser. Den eldste kan ut frå flintmaterialet vere ein fangstbuplass frå seinmesolitikum, om lag like gamal som dei eldste ristningane. På dei øvrige lokalitetane, som opphavleg kan ha vore ein og same buplass, er det teke fleire C14-dateringar. Desse sprikar frå mellom-neolitikum A (3330-3045 f.Kr.) til førromersk jarnalder (410-375 f.Kr.). Dateringane høver også relativt godt med strandlinjekurva.
På Indre Bogge, noko lengre inn i fjorden, blei det påvist 3 nye lokalitetar i 2011. På den nedste blei det funne spor etter busetjing frå førromersk jarnalder (200-50 f.Kr.), medan det noko lengre oppe blei det påvist tydelege restar etter rydding og dyrking frå overgangen seinneolitikum-bronsealder (ca 1860-1650 f.Kr.). Det mest interessante var likevel funnet av eit enno djupare kulturlag om lag 100 m o.h., datert til mellomneolitikum A (3350-3020 f.Kr). Biletet under viser dei skiftande laga av kulturlag/dyrkingslag og elveavsetningar under dagens matjord.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar