onsdag 7. desember 2011

Ny informasjonskilt hellemålingane på Honnhammar.


I finversdagane i november kom også 4 nye informasjonsskilt opp ved hellemålingane på Honnhammar i Tingvoll. Dette er del av ei større satsing på den største hellemålingslokaliteten i Nord-Europa. Dei fleste hellemålingar i Norge er i holer, her finn vi dei i friluft. Dei ligg bratt til og sikringa av sti og skilting av stien til lokaliteten er ikkje avslutta før til våren, så med dette vintersveret er dette inga oppfordring til å ta turen ut og sjå på måleria. Men to av skilta står ved dei to parkeringsplassane og kan gje ein smakebit før det igjen vårast. Sjå fleire bilete frå Honnhammarmåleria og annan bergkunst i Møre og Romsdal i fotoalbuma på facebooksida til Fylkeskonservatoren Møre og Romsdal Fylkeskommune.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar