lørdag 2. juni 2012

Arkeologiske utgravingar på Hestvikholmane på Averøya - open dag torsdag 7. juni kl. 18.00

Sidan slutten av april har arkeologar frå NTNU Vitenskapsmuseet vore i sving på Hestvikholmane. I alt sju steinalderbuplassar skal gravast ut slik at den kulturhistoriske dokumentasjonen vert sikra før det vert teke ut stein i området. Arbeidet dreg seg no mot slutten, og førstkomande torsdag vert det høve for publikum å vitje utgravingane.

Steinuttaket på Hestvikholmane veks seg stadig større, men før den siste utvidinga kan skje må spora frå steinalder i området dokumenterast.
Buplassane spenner over eit stort tidsrom, og mest heile steinalderen er representert. Dei eldste tilhøyrer pionerbusetnaden og har funn frå Fosnakulturen. Desse ligg i dag nær 40 meter over havet, men var strandtilknytt da dei var i bruk for omlag 11.000 år sidan. Lågare i terrenget er det fleire buplassar frå slutten av eldre steinalder og frå yngre steinalder rundt det som ein gong har vore ei fin avskjerma vik. På buplassane er det også funne mange flotte gjenstandar frå steinalderen.

I tillegg til omvisning på utgravingsfelta vert det mellom anna høve til å smake på mat tilberedt i kokegrop, oppleve flintknakking og skyte med pil og boge. Arrangementet vil vere skilta frå Bruhagen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar