mandag 16. juli 2012

Ein 7.000 år gamal "landsby" ved Larsnes? - kulturlag og busetnadssoge i steinalderen

I samband med ei arkeologisk registrering ved Storehaugen nær Larsnes i Sande kommune i 2011 vart det kartlagt at det ligg tett i tett med steinalderbuplassar på strandbremmen her. Steinalderen dekker eit 7000 år langt tidsrom, men buplassane her ser alle ut til å ligge innanfor eit avgrensa tidsrom i slutten av eldre steinalder, omlag 5000 år f. Kr. Ein slik tettleik av samtidige steinalderbuplassar er unik i fylket vårt. Kva fortel dei oss om busetnadssoga i steinalderen?
På strandbremmen i framkant av Storehaugen ligg steinalderbuplassane tett i tett med utsyn mot Hallefjorden, Voksa og Kvamsøya.
Steinalderen er ei  meir enn7000 år lang periode. Som periode er steinalderen definert ut frå at stein var ein viktig ressurs til å lage reiskapar, men det har sjølvsagt skjedd mange samfunnsendringar innanfor perioden. Den startar med at istidsjegarar fann fram til kysten vår, og ved avslutninga har ein lært seg å dyrke jorda og vorte fortrulege med å lage reiskapar av metall.

Buplassar med kulturlag
Fleire av buplassane ved Storehaugen har tjukke kulturlagsavsetningar. Kulturlag er jordlag som er bygd opp av restar etter menneskeleg aktivitet på eit område, og kan bestå av avfallsrestar som trekol, skjørbrent stein, bein og restar av reiskapstilverknad. Fargen på laget er som oftast mørk eller svart, og konsistensen feit. For at eit slik materiale skal bevarast fram til vår tid, er ein også avhengig av gode og stabile bevaringstilhøve.

Kva fortel kulturlaga om busetnadsforma?
Dei eldste spora av busetning langs Mørekysten går ein 11 -12.000 år bak i tid. Desse spora knyt ein gjerne til den såkalla Fosnakulturen, oppkalla etter tidlege funnstadar ved Kristiansund, som jo tidlegare vart kalla Lille-Fosen. Desse består ofte av store mengder avfall og reiskapar av flint, men det er sjeldan bevart organisk materiale, og aldri i tjukke kulturlagsavsetningar. Dette er eit mønster som passar med folk som stadig er "i farta", og lever eit såkalla nomadisk busetnadssmønster. Livet til Fosnafolket var eit liv stendig flyttefot etter dei ressursane ein trengde til livberginga, om det så var sel og andre marine ressursar ved havet, eller reinsdyr i innlandet. Når vi ved sjeldne høve finn spor etter bustadane til desse folka, er det snakk om steinar lagt i enkle ringar som har vore bruka til å halde ein teltduk nede. Raskt å setje opp, like raskt å pakke ned att.

Når vi får buplassar med tjukke kulturlagsavsetningar som dei ved Storehaugen, så er dette utrykk for at det skjer ei endring for omlag 7000 år sidan. Slik opphopning av avfall vil berre skje dersom staden er i bruk over lenger tid, og vert vitja om att og om att. Kulturlaga reflekter at menneska har byrja å slå seg ned på same stad over lenger tid. Med eit framandord; ei meir sendentær busetnadssform. Noko slikt skjer ikkje av seg sjølv, og er avhengig av at ein hadde tilgang på stabile ressursar og ikkje minst teknologien til å kunne utnytte dei. Buplassar frå denne tida er da også gjerne lagt ved plassar der ein hadde god og jamn ressurstilgang. Typisk er stader med høg produksjon av marin biomasse, slik som straumførande sund. Ei fiskesøkke i kleber viser at fiske har vore del av dei aktivitetane som ein dreiv med her. Der slike buplassar har vorte nærare undersøkt, finn ein også ofte spor etter huskonstruksjonar som har vore av ein langt meir solid og stabil art enn teltringane frå Fosna-tida.



Fiskesøkke i kleber funne i kulturlagsavsetning ved Storehaugen.


Organiseringa av buplassane ved Storehaugen - landsby?
Kanskje mest overraskande ved undersøkinga var det store samanfallet i dateringar vi fekk. C14-dateringar er ikkje nøyaktige på årstal, og kjem gjerne med eit avvik som tilsvarar eit par århundre. For dei buplassane, tre i talet, der vi analyserte dateringsprøver fekk vi resultat som overlappa kvarandre og som låg i hundreåra rett før 5000 f. Kr. I arkeologisk samanheng kan dette reknast som "samtidig". Ein kan sjå for seg kvar einskild buplass som busett av ei gruppe, gjerne ein familie eller storfamilie, men dersom fleire nærliggande slike har vore busett samstundes, snakkar vi om ei anna grad av organisering. Begrepet "landsby" er kanskje ikkje heilt misvisande i ein slik samanheng. Sikre når det gjeld dette kan vi ikkje vere. I så fall må det langt grundigare undersøkingar til, med mellom anna eit langt større tal på dateringsprøver. Registreringsresultata gjer likevel at spørsmålet vert aktualisert, og viser samstundes at Storehaugenområdet husar nokon av dei viktigaste kulturminna vi har frå steinalder i fylket vårt.


Endring i busetnadssform og endring i tankesett
Det er mykje ein kan reflektere rundt kva ein meir sedentær busetnadssform medførte. Tankesettet til menneska kan no ha byrja å krinse rundt at dei høyrde til ein stad, i relieff til at ein reiste frå stad til stad. Ein har truleg etablert ein identitet og tilhørighet til staden der ein tilbrakte store delar av året. Det ligg og kimer til konflikt når grupper gjer krav på territorium, og behovet for leiarskap og organisering kan ha tvinga seg fram. Truleg hadde heller ikkje jordbruket vorte innført 2-3.000 år seinare dersom ikkje nomadetilveret alt var blitt erstatta av eit meir stadbunde levesett.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar