torsdag 2. august 2012

Skjøtselsarbeidet på Storrisstølen i Aukra er i gong

Gjengroing av kulturlandskap har fått auka merksemd dei siste åra. Når landskapet slik endrar karakter går det også ut over dei fysiske kulturminna som ligg i landskapet. Gamle røyser og tufter som gror att misser kontakten med landskapet i kring seg, og slik vert opplevinga av kulturminna redusert.

Gavrøyser frå jarnalderen på Storrisstølen vert rydda fram frå trær og kratt.
 For å bøte på noko av dette har Kulturvernseksjonen sett i gang fleire skjøtsels- og tilretteleggingsprosjekt av fornminne fleire stader i fylket gjennom Riksantikvaren sitt program BARK. Eit av prosjekta er på Storrisstølen i Aukra kommune. Her ligg fleire titals for ein stor del små og låge gravrøyser samt i alle fall to hustufter.

Det har ikkje vore gjort arkeologiske utgravingar på Storrisstølen. Tuftene liknar på tufter som er grave ut andre stadar, og som da er datert til førromersk jarnalder (500- 1 f. Kr). Det er funne keramikkskår frå såkalla spannforma leirkar som truleg stammar frå ei skadd grav. Denne typen keramikkar var vanleg under folkevandringstida (ca 400-570 e. Kr). Kanskje ligg det ein tanke om å føre dei døde saman med forfedrene ved å gravlegge dei ved eldre tufter?

Arbeidet starta opp tidleg i sommar, og vil halde fram utover hausten. Så langt har trea som vaks over kulturminnet vorte kutta ned, og vi har byrja å fjerne nedkappa tre og greiner frå kulturminneområdet. Det siste er ein krevjande prosess sidan det må gjerast utan maskinhjelp for å unngå skade på røysene.

Planen er å fortsette arbeidet og legge Storrisstølen betre til rette for publikum gjennom etablering av sti og informasjonsskilt.

Ansvarleg for arbeidet på Storrisstølen er arkeolog Torill Einara Nærbøvik ved Kulturvernseksjonen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar