tirsdag 21. august 2012

Mellom seter og gard - busetjing på Myrset gjennom 2500 år

Myrset har dei seinare hundreåra vore seter for fleire av gardane kring Åfarnes i Rauma kommune. Arkeologiske undersøkingar kan likevel tyde på at området har ei lang forhistorie, kanskje også som gard.


Om ein går den nye turstien frå Nysetra til Herjevatnet, kan ein mot nord sjå setra på Myrset som ein grøn oase i myrlandskapet. Dei frodige vollane skjuler fleire spor. Sørvendt og plassert i hellinga ned frå Myrsethaugen er dette eit anlegg som har høgt potensial for forhistoriske funn. Namnet på setra gjev oss også eit hint om at dette er ei seter litt utanom det vanlege. Set-endinga kjem av –setr, gno. bustad, og er noko vi først og framst kjenner frå gardsnamn. Tradisjonelt har Set-gardane vore datert til vikingtid, men stadig fleire undersøkingar viser at opphavet til desse gardane er eldre.

Det er også gjort funn på Myrset. Det skal mellom anna vere gjort funn av slagg i området, utan at dette er nærmare undersøkt. For 10-15 år sidan blei Kulturavdelinga også førevist eit bearbeida trestykke, moglegvis restar etter ein trespade. Spadar blei nytta til dyrking, men også til ulike utmarkaktivitetar (myrmalmuttak, tjærebrenning etc).


I 2004 blei det gjort nokre mindre undersøkingar på vollen. Det blei då påvist eit tjukt og kolhaldig dyrkingslag under dagens setervoll. Ei datering frå botn av laget, nær den naturlege grunnen, viste at anlegget blei teke i bruk i førromersk jarnalder (400-370 f.Kr). Pollenanalysene viste at det blei dyrka bygg på vollen i jarnalderen. Sjølv om vi kjenner dømer på at det har vore dyrka på setrene i historisk tid, er dyrking gjerne rekna som eit teikn på fast busetjing.

Sommaren 2012 blei det gjort nye undersøkingar. Her blei det same dyrkingslaget påvist, men også ei tuft på storleik med ei seterbu. Prøvestikk viste at bygningen har hatt hellegolv. Datering av kull på dette golvnivået blei då også datert til  1030-1220 e.Kr., om lag same tid som seterbruket først blir nemnt i skriftlege kjelder. Slikt hellegolv er også påvist i andre setertufter frå mellomalderen, både i Norge og på Island.
Kan dette vere eit døme på ein marginalgard frå jarnalderen som seinare gjekk over til å bli seter for gardane ved fjorden?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar