lørdag 6. oktober 2012

Husby i Øksendalen - kongsgard med røter i jarnalderen?

Gardar med namnet Huseby finns både i Norge, Sverige og Danmark, samt på Orknøyene og i Schleswig-Holstein. Då det ikkje finns slike namn på Færøyene og Island, reknar ein med at namna er yngre enn koloniseringa av øyene i Nord-Atlanteren, men eldre enn 1263 då skottekongen fekk overherredømme over Orknøyene. Fleire historikarar og arkeologar har argumentert for at desse gardane fungerte som kongelege administrasjonssenter i sein vikingtid og tidleg mellomalder, og at dei spela ei viktig rolle under rikssamlingane. Vi skal sjå nærmare på ein av desse gardane, Husby i Øksendalen i Sunndal, der det også blei gjort arkeologiske undersøkingar i 2012. Kan dette også ha vore eit stormannsete før rikssamlinga?



I Møre og Romsdal er Husebyane konsentrert til Nordmøre (Aure, Rindal, Sunndal og Surnadal) og nordre del av Romsdal (Nesset), noko som kanskje kan sjåast i samanheng med Giske si rolle i søre del av fylket. Giske var eit lendmannssete med store jordegods over heile Sunnmøre og delar av Romsdal, og styrte truleg desse områda på vegne av kongemakta.
Garden Husby i Øksendal – eller Husabear kirkiu i Usmudal - er først gong nemnt i 1309 (DN II, s. 81). Namnet stammar nok frå rikssamlingstida, men busetjinga er truleg mykje eldre. Garden kan då ha hatt eit anna namn, som til dømes bygdenamnet Øksendal eller Usmudal.

Like ved tunet på garden ligg kyrkjegarden frå mellomalderen, men elles har det lenge vore få fornminner og oldfunn i Øksendalen. Bendixen skriv i 1872 om at det ved Øksendalsvågen finnes to store skipsstader, og at ei tredje var utfylt. Desse kulturminna er seinare gått tapt, men kan vitne om at Øksendalsøra har vore ei viktig hamn. Under grøfting på Husby i 1913 ble det funne ei samling reiskapar frå 700-talet – øks, celt, ljå, kniv og ildraker. Dette har vore tolka som eit depot eller reiskapsforråd, men kan også vere ei ubrent flatmarksgrav. Likevel er det ikkje gjort arkeologiske funn som peikar i retning av Husby eller Øksendalen som noko stormannsete.

På 1990-talet blei det gjort arkeologiske utgravingar langs nyvegen gjennom bygda (Fv 62). Då blei det funne spor etter fire hus (I-IV).  Hus I og II låg samla lengst vest, medan III og IV låg om lag 100-150 meter lengre aust. Hus I målte over 30 meter, medan Hus II var mindre og nærmast kvadratisk med ein veldig tydeleg veggvoll. Begge synes å vere frå romartid. Hus III blei ikkje datert, men hus IV synes å vere frå sein førromersk jernalder. Det kan vere to suksessive tun, men dei kan også ha eksistert samtidig. Ardspor og andre aktivitetsspor kring dei to busetjingane gjer at desse overlappar.

Undersøkingane i år resulterte i funn av kokegroper og dyrkingsspor frå eldre jarnalder, og det er rimeleg å sjå desse i samanheng med busetjingsområda. Det eldste dyrkingslaget er frå førromersk jarnalder (380-180 f.Kr.), ikkje så veldig lenge etter at sjøen trakk seg unna. I tilknyting til dyrkingslaget blei det også påvist staurhol. Kokegropene er noko yngre, frå romertid-folkevandringstid (0-550 e.Kr). Ved ei av desse blei det funne eit keramikkskår. Dette verkar etterreformatorisk, men kan også vere romersk import.
 
Ut frå dette verkar det som om Husbygarden kan ha rådd over eit ganske stort og samanhengande innmarksområde mot slutten av jarnalderen, moglegvis med fleire underbruk. Fleire forskarar har i seinare år argumentert for at fleire av storgardane i vikingtida var sentra i lokale godssystem, med bruk av både fri og ufri arbeidskraft på garden si domenejord. Sjølv om vi saknar monumentale funn, kan Øksendalen ut frå landskapet og plasseringa ha vore ein stor og viktig gard.

Dersom vi ser på eigedomstilhøva i Øksendalen i nyare tid er mest heile dalføret anten ått av Kongen, Øksendal kyrkje (Husbygarden) eller Sunndal prestebord i tidleg nytid (jf. Skattematrikkelen 1647). I seinmellomalderen åtte også Erkebispestolen ein stor del av Huseby, men dette kom i Kongen sine hender etter reformasjonen. Den lave graden av sjølveige kan kome av at heile dalføret opphavleg har vore eit samanhengande gods under Krona, og at delar av dette i løpet av mellomalderen blei stykka opp og donert til ulike kyrkjelege institusjonar.

Eit av kriteria for å vurdere forhistoriske eigedomstilhøve er førekomsten av synlege gravmonument. Premisset er at dei hauglagte er personar som åtte jorda dei blei gravlagt på, og at leilendingar og ufrie ikkje hadde rett til å bli lagt i haug. I Øksendalen er det i det heile svært få gravmonument. Unntaket er vikingtidsgrava på Grytnes som skal ha blitt funne i ein haug. Garden er truleg utskilt frå Husby på eit seinare tidspunkt. Plasseringa ved vågen er elles typisk for slike synlege gravminner.

Ein teori er at alle gravminna på Flåøya kan vere knytt til storgarden i Øksendalen. Flå er det einaste garden på nordsida av Sunndalsfjorden som soknar til Øksendalen, og også denne var ått av same eigargruppe i tidleg nytid. Flåøya er ei stor halvøy i Sunndalsfjorden, og eit viktig landemerke som også er synleg frå Øksendalen. Her er det også gjort mange gravfunn. Desse spenner frå folkevandringstid til vikingtid, noko som passe godt overeins med biletet frå Øksendalen.
 
Det er rimeleg at Husby/Øksendalsgarden alt i eldre jarnalder hadde viktige sentralfunksjonar, kanskje heilt tilbake til tidleg romartid då det store langhuset  blei reist. Dersom keramikkfunnet representerer romersk import er også dette interessant, som eit vitnesbyrd om overregionale kontaktnettverk. Kan ein til dømes ha fått desse varene gjennom handel med jarn eller fangstprodukt? Fleire av stadnamna i Øksendalen (Jønnstad, Smedstad, Reinsfjellet etc.) kan peike i retning av at desse ressursane har vore utnytta. Ein kan også tenkje seg at kontrollen med handel og ferdsel gjennom Sunndalen har vore viktig for maktgrunnlaget.

Kokegropene er vanleg å rekne som spor etter festmåltid. Den romerske historikaren Tacitus (55-117 e.Kr.) fortel om kor viktig gjestebod og drikkeseremoniar var for germanarane, og korleis høvdingane bandt saman følgjet sitt av unge menn gjennom sin raushet. Kan kokegropene i Øksendalen ha spela ei liknande rolle?

Les meir om Husebyane i Norden her.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar