onsdag 19. desember 2012

Opplevingar i mørket! Helleristningane på Søbstad

 

 
Den mørke årstida innbyr i utgangspunktet  kanskje ikkje til å legge turen innom kulturminna våre, men for enkelte kulturminner kan faktisk stummande mørke vere det beste utgangspunktet for å oppleve dei.
 
Vi har fleire flotte helleristningsfelt i fylket, og nokre av dei er tilrettelagt for besøkande. Til dømes Roskard i Herøy, Bogge i Nesset og Søbstad på Averøy. Når ein vitjar helleristningsfelt vil ein av og til oppleve at figurane er vanskelege å få auge på. Dette kan skuldast fleire faktorar. Figurane har stått i berget i tusenvis av år og med tida slitast dei gradvis ned. Flatt lys er heller ikkje optimale tilhøve for å sjå helleristningar. Derimot vil ein ofte oppleve at etter at ein regnskur har blaut berget eller at når solstrålane treff skrått på berget, så kjem figurane til live. Tidlegare var det vanleg å synleggjere figurane ved å måle dei i raudfarge, men etter at ein har fått større kunnskap om den nedbrytande og øydeleggande effekten måling har er dette ein praksis ein er på veg bort frå. Måla ristningsfigurar gjev heller ikkje det rette inntrykket i høve til korleis dei var meint å verte oppfatta på den tida dei var laga.  
Ein flott måte å oppleve helleristningar på, er å utnytte den mørke årstida til å sjå dei skikkeleg. Tek ein med seg ei lommelykt, kan ein sjølv skape dei lysskjeldene som vekker figurane til live. Det er ein fordel å vere minst to; ein til å lyse medan den andre ser. Lyskjelda bør vinklast skrått mot motivet, og det kan vere verd å prøve seg fram frå fleire vinklar. Ønskjer ein å forevige det ein ser kan ein eksperimentere med å fotografere med lang eksponeringstid frå kamera på stativ medan lysstrålen førast langsamt over motivet.  
 
 

 
 
Bilda her er frå Søbstad på Averøy, og er teke ein haustkveld i år. Desse ristningane er truleg meir enn 5000 år gamle, og er dominert av kvalmotiv. Dei fleste kvalane er tydelege og lette å sjå under dei fleste vertilhøve, men feltet har også motiv som er vanskeleg å få auge på. Eit døme på dette er rammefiguren med det abstrakte bølgjeforma mønsteret på bildet ovanfor. Nattlysing kan også lokke fram nye og ukjente detaljar ved kjente figurar. På fotografiet nedanfor ser det ut til at sjølve kvalkroppen har svake bølgjeforma mønster i vertikal retning. Den vesle figuren over kvalen har heilt sidan ristningane vart oppdaga vore rekna som ei båtavbildning, men ser no heller ut til å vere ein dyrefigur.  
 

 
 
 
 
Søbstadristningane ligg på loddrett berg og er difor sjeldan dekka av snø. For mange andre ristningar er det ein fordel å vere ute før snøen legg seg.  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar